
Tur til Frækaland
Tysdag gjekk alle på tur før lunsj. Sjiraffane gjekk til Lauparfjellet, Revane, Sommarfuglane og 3-åringane gjekk til Frækaland, medan 2-åringane gjekk tur i området rundt Jakt- og fiskehytta.
- Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barna seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område (Rammeplanen, 2011:41).

Frækaland
Me fann mykje spennande å utforska på tur; blant anna eit tre som bøygde seg og laga ein stor og ein liten tunnel, mange kjuker (soppar) som danna ei trapp på treet, og trerot som såg ut som ein dinosaur.
- Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk (Rammeplanen, 2011:44).

Mykje spennande i naturen

Filosofering
Etter lunsj hadde ei lita gruppa litt filosofering om kva ein kan bruka kjuken (soppen) til; det var mange gode forslag som ein krakk, eit helikopter og ei trillebår. Medan me sat og filosoferte om kjuken kom det eit insekt flygande som fanga merksemda. Ungane hadde ulike tankar om insektet; ein tenkte at insektet elska folk sidan det satte seg på ein av oss, medan ein anna tenkte at den hang oppned som ei flaggermus og ei tenkte at namnet på insektet kunne vera klatreflyging.
- I arbeidet med etikk, religion og filosofi må personalet skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar (Rammeplanen, 2011:47).

Filosofering

Frosk
Me fann ingen frosk i froskedammen i år, men nede i myra fann me både rumpetroll, ein babyfrosk og ein større frosk. Nokre av gutane ville prøva å kyssa frosken for å sjå om den vart til ei prinsessa; det var nokre overraska ungar som oppdaga ei prinsessa nede i myra i dag tidleg.. 🙂

Insektsfangar
Revane fekk låna med seg ein insektsfangar frå Slinde forrige veka; den testa me på både bar- og løvtre. Me fekk snegle, edderkoppar, larver m.m. som me studerte i forstørringsglas. Etter å ha studert dei litt slapp me dei fri.

Målar

Stigespelet
Me laga stigespel av ting me fann rundt oss, brukte store terningar og ungane var sjølve brikkene. Kom dei til eit plussteikn med 3 ting kunne dei gå tre plassar fram, medan dei måtte gå tre plassar tilbake viss dei kom på minusteikn med 3 ting. Me hadde òg «stige» som dei kunne vera uheldige å detta ned eller dei kunne vera heldige å klatra opp.
- Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk kompetanse (Rammeplanen, 2011:49).

Stigespelet