Hausten på avdeling Nede

Hausten har gått i ein rasande fart, og plutseleg er det snart vinter! Her kjem ei lita oppsummering av nokre aktivitetar barna på avdeling Nede har vore med på denne hausten 🙂

Njøs

På uteområdet på Njøs er det berre fantasien som set ein stoppar for kva aktivitetane me held på med inneheld. Me utforskar alt i frå småkryp me finn i jorda, til bær og frukt som veks på busker og trær. Her har me plukka epler, pærer, plommer og rips heile hausten:)

Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

(Rammeplanen, s.52).

Kleppa

I veke 38 var heile avdeling Nede tre dagar på Kleppa, der me nytta naturen som arena for leik, læring og utforsking. Me fekk låna jakt-og fiskehytta og hadde ulike aktivitetar i området rundt den. Me gjekk også turar til Høgehaug og Orrabu.

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.

Rammeplanen:11

Naturvakter

Revane har komme godt i gang med oppdraget sitt som Naturvaktar! Dei har lært om kva som høyrer heime i naturen som ikkje gjer det, og ofte tek dei ansvar for at bosset dei ser blir med tilbake og sortert i rett bossdunk! Revane har også mange gode idear for korleis ein kan nytte boss og andre ting ein finn i naturen på nytt!

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og ut­ viklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.

(Rammeplanen s.52).

Førebuing til basaren

22.oktober arrangerte me basar i barnehagen, til inntekt for Barnehjelp Afrika. Revane og Sjiraffane hadde fleire arbeidsoppgåver knytt til førebuingsprosessen og til gjennomføringa den dagen. Dei bidrog med å lage plakatar og invitasjonar, premier til utlodding og kunstverk til kunstutstillinga. Dei hadde også hovudansvar for å samle inn gevinster frå ulike bedrifter i bygda vår. Her presenterte dei kvifor me skulle ha basar og kva inntektene av den gjekk til! På besøk hjå Røysumen tok barna seg ein velfortjent pause med nyheiter på skjermen (bilde oppe til høgre). Godt samarbeid og god arbeidsvilje resulterte i ein flott gjennomført basar!!

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.

(Rammeplanen, s.21).

Tur til Sogndal

29.september reiste Revane og Sjiraffane med buss til Sogndal. Der såg dei teateret «Tippe tippe tue» saman med fleire barnehagar frå Sogndal kommune. Dei nytta også anledninga til å utforska Sogndal sentrum då dei først var der inne. Lunsj, is og leik i parken, tur på kaien og over nye «Osenbrui» og besøk til Hilde på kontoret var det me rakk før bussen gjekk utover til Leikanger att. Ei kjekk og innhaldsrik oppleving for små og store!

Gjennom ut­ forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda.

(Rammeplanen, s.55).

Sjiraffane på fiskedagar

I september fekk Skulekameratane, i samarbeid med jakt- og fiskelaget, vera med å setja og trekka garn i fjorden. Sjiraffgutane fekk sitja på i brannbåten, det var STOR stas! Fangsten vart samla i eit stort kar, der barna fekk studere, utforske og læra om alle dei forskjellige artane som hadde forvilla seg inn i garna. Til lunsj vart det servert grilla laks, kokt krabbe og grønssaker! Når fangsten var ferdig forska på, måtte barna sleppe alle krabbane, sjøstjernene, flyndrene og kråkebollane forsiktig ut i fjorden att.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv.

(Rammeplanen s. 52).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Sommar på avdeling Nede

Det går mot sommarferie, vêret har synt seg frå si beste side og me har hatt flotte dager i barnehagen. Me har vore mykje i Pilaviki, på Nokkaneset og på Njøs. Ein dag ynskte barna å gå til Aneflaten for å spele fotball, noko som resulterte i eit «thrilleroppgjer» mellom Sommarfuglane og Sjiraffane! Det var ikkje noko å seie på innsatsen i kampen som gjekk over 5 omgangar på 120 minutt, og som enda i seier for Sommarfuglane!

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

I Pilavika er det alltid noko nytt å utforske, og det er godt å nytta dei varmaste dagane i strandkanten. Der kan barna vasse og leike i fjorden, leita etter krabbar og tanglopper – og etter andre spanande skattar og kryp. Når barna har funne krabbar blir dei frakta i capsar og lagt oppi «krabbebassenget». Der får dei seg nye krabbevener og dei blir mata med blåskjell, tang og sjøgras. Dei får også steinar å kunne gøyme seg under. Reine hotelloppholdet for krabbane med andre ord! Til slutt vert dei sleppte fri att.

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52).

På ein vindfull dag hadde eit av barna med ein drage til barnehagen. Den var laga av pappaen til barnet, og me var så heldige at me fekk prøva å få den til å fly! Heile avdelinga og ei gruppe frå avdeling Oppe var med bort til Nokkaneset der det var perfekte vindforhold. Det var knytt stor spenning til om me fekk det til, og det vart mykje latter då dei voksne bala veldig! Til slutt fekk me den opp i lufta, til jubel frå heile forsamlinga!

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på (Rammeplan:52).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Vårstemning på avdeling Oppe:)

Om våren er me mykje ute og går turar og ser etter vårteikn. Me har sett på alle blomane, graset, fuglane og insekta som dukkar opp. Det me likar aller best er å sjå på alle dyra. Me har vore og sett på sauer, hestar, høner, geiter og kattar. Me set stor pris på å ha desse dyra i nærområdet.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna

-får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen

-får gode friluftsopplevingar året rundt

-får kunnskap om dyr og dyreliv

(Rammeplan, 2017)

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til brannstasjonen

Onsdag 24.februar var avdeling Oppe ute på tur i regnet. Til alle si store glede var det sølepyttar over alt, både store og små, og me hoppa i alle me kunne finna på vegen! Det var så kjekt at me helst ikkje ville gå vidare.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får gode friluftslivopplevingar året rundt (Rammeplanen:52).

På vegen var me så heldige at me traff på ein snill mann som inviterte oss inn på brannstasjonen! Dette var kjempe stas, då me hadde snakka om brannmenn og brannbilar tidlegare på dagen. Inne på brannstasjonen fekk me sjå brannbilen og brannbamsen Bjørnis. Ein kjempe spanande dag, og me etterlikna sirena heile vegen tilbake til barnehagen!

Gjennom ut­ forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Temafest i Askedalen

Fredag 19. februar hadde me temafest i barnehagen. På avdelinga nede har me jobba med Thorbjørn Egner sine bøker «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» og «Karius og Baktus».

Revane og Sjiraffane hadde sjølv laga eit skodespel basert på historia frå Hakkebakkeskogen, der Bestemor Skogmus var så uheldig å setja seg fast i eit tre. Det vart ein stor jobb for å redda ho ned igjen, og alle dyra i Hakkebakkeskogen hjalp til på ulike måtar. Til slutt ordna bamsefamilien opp med hjelp av ein viking – og det vart fest i skogen.

Sommarfuglane og Marihønene framførte heile historia om Karius og Baktus som budde i tennene til Jens. Dei hadde øvd inn replikkar og song, og delte ut loff med sirup på til publikum.

Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen:50).

Me har ein framifrå gjeng med skodespelarar, og alle storkosa seg både på «scena» og som publikum! Etter framføringene leika me «Katta i sekken», der gleden var stor når det regna godteposar ut over golvet, og til lunsj kosa me oss med pizza og film. Revane og Sjiraffane hadde også ein liten morgonsamling saman med avdelinga Oppe – via skjerm. Det var koselig, og dei små framførde songen dei hadde øvd inn til temafesten.

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede (Rammeplanen:51).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Frå vinter til vår

Etter ein lang og fin kuldeperiode slo våren til for fullt denne veka, noko som gir rom for duggling saman med barna. Avdelinga nede har nytta dei kalde vinterdagane til ulike turar, skigåing, aking og bålbrenning. Uteområdet på Njøs har vore ei stor «sveddlekula», med ein fantastisk akebakke av is som ungane har boltra seg i. Dei fleste turane har vore med eit rompebrett i handa, og me har testa dei fleste bakkane i nærområdet. Me har vore på elvesafari langs både Henjaevla og Njøsaelva og sett kor mykje isen har vokse frå gong til gong me har gått forbi. Me har og fantasert om kor kult det hadde vore å bruka elveleie som bob-bane! (Og me har snakka om kvifor me aldri skal gjera noko slikt 🙂 )

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barna få sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt (Rammeplan:49).

Når varmegradene kom og snøen forsvann, lurde ungane på om isen på Njøs var vekke. Nokon meinte alt var smelta, medan nokon meinte at så mykje is kunne ikkje forsvinna så fort. Einaste måten å finne ut av dette på var å duggla – då google neppe kunne gi oss svar på korleis ståa på Njøs var. På vegen opp merka me oss at dei populære istappane ved Stoppelshaug var forsvunne. Og vidare var det berre gjørme i isakebakken vår. Men, jammen var det fortsatt eit lite parti med is attmed bålplassen vår… Her fekk me plass til 11 barn på ein gong. Konklusjonen var at det var mindre is enn sist, for då var det plass til hundretusen på isen. Når me gjekk forbi elvene kunne me sjå at det var mykje is att i dei. Me prøvde å kasta nokre pinnar og steinar for å knuse alt, men det var lite hjelp i. Her må nok naturen få gjera jobben sin.

Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplan:52).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Vinteraktivitet i Askedalen

Både barna og dei vaksne er godt nøgde med starten på det nye året. ENDELEG kom det litt snø heilt ned til fjorden, så me kunne sigla på rompebrett og gå på ski. På dei kaldaste dagane har me kombinert snøleiken med bålbrenning. Rundt bålet har barna fått varma seg med behov og ein dag grilla dei pinnebrød. Når me har reist tilbake til barnehagen har bålet måtte bli sløkt, og her er ungane ivrige brannmenn. Rumpebretta har blitt lasta fullt opp med snø, og jobben går raskt med godt samarbeid.

Me har for det meste nytta uteområdet på Njøs, men me er også så heldige at me får bruka andre område med litt lengre bakkar. Eit av høgdepunkta var når studenten tok med ein presenning, laga plass til alle barna oppå den og satte utfor ein lang bakke på ein bø over Njøs. Denne opplevinga tykte ungane var kjekk, og latteren kunne høyrast frå Njøs og til Hanahaug, om ikkje lenger.

Me har også utforska korleis naturen er i minusgrader. Til dømes kunne me erfara at å leita etter insekt ikkje var så enkelt i kulda, noko som førte til at me måtte finne meir ut om kva som skjer med insekta om vinteren. Det har ikkje vore vatn i elvene, men is. Og jammen var det moro å sjå at snøen smeltar når ein legg den nærme bålet.

Me har hatt nokre fantastiske vinterdagar, og no håpar me berre på at snøen kjem att om ikkje lenge..

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen, s.11).

Barna skal inkluderasti aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og opp­ leve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader (Rammeplanen, s.49).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Sommarfuglane på «reinesafari»

Tysdag 1.desember var Sommarfuglane på «reinesafari», ein tur som inneheld meir enn ein kan førestilla seg! Det var ikkje planen at turen skulle gå rett opp ei reine framme i Riverdalen, men etter ynskje frå to av barna (og løyve frå grunneigar som heldt på med vedhogst), la heile gjengen i veg rett opp bakken!

Det var ulendt terreng, greiner, trær og blad – ein utfordring for både liten og stor. Og i jungelen såg me troll, sneglar, tiger og ein ninjago! Og me høyrde ein skummel lyd, det var vennen til trollet som ropte høgt.

Når me nærma oss toppen heia alle på kvar og ein som besteig toppen, og sommarfuglane kjende på mestringsfølelsen av å klara heilt sjølv! For ein flink gjeng!

Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og opp­ leve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader (Rammeplanen:49).

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kropp, rørsle, mat og helse – eit fagområde med mykje innhald.

På avdeling Oppe jobbar me mellom anna med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse. 

Me er mykje i aktivitet og ofte ute på tur. Då brukar med kroppen vår på mange ulike måtar. Me går på flat veg, i ulendt terreng, oppover- og nedoverbakkar, og vi krabbar og krype overalt.

«Barnehagen skal bidra til at barna blir kjende med kroppen sin og blir bevisste på eigne og andre sine grenser» (rammeplanen s. 49 2017) 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Hakkebakkeskogen på Njøs

Denne hausten har Sjiraffane og Revane lese historia om «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen». Ein ettermiddag, då me skulle gå tilbake til barnehagen, var det fire gutar som kom på den geniale ideen; «me kan jo laga Hakkebakkeskogen på Njøs». Ideen utvikla seg fort til eit prosjekt, og alle barna har teke del i arbeidet med å bestemme kva for figurar me måtte laga, kor store dei skulle vera og med å måla dei.

Denne veka har Sjiraffane og Revane bestemt kvar figurane skal vera. Det var heilt naturleg at «Kråke-Per» fekk bu på ein planke på Pulverheksa sitt hus. Ungane meinte at han kunne vera både «Kråke-Per» og «Pokus» (kråka til Pulverheksa). «Bakemester Harepus» og «Bakergutten» fekk sitt eige bakeri i gapahuken, og «Petter Pinnsvin» flytta inn i kvisthaugen. Det var heilt perfekt for eit pinnsvin! «Klatremus» sit høgt oppe i eit tre med gitaren sin, og «Reven»….jau han prøver å få tak i «Klatremus».

Også «Bamsefamilien», «Ugla», «Bestemor Skogmus» og «Morten Skogmus» fekk seg hus rundt om kring. Etter me var ferdige stod Sjiraffane og Revane og betrakta arbeidet dei har gjort – og jammen var me godt nøgde med prosjektet vårt. Heilt ferdige er me ikkje, me skal laga litt finare hus til nokre av figurane.

I prosessen har barna fått medverka til korleis det skulle vera, og fått øva på å samarbeida med andre. Dei har utforma noko dei er stolt over, og som viktigast av alt gir god næring til leiken vidare på Njøs!

Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ i det daglege arbeidet i barnehagen og ved val og gjennomføring av tema og prosjekt (Rammeplanen:43).

Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna (Rammeplanen:27).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveke for avdeling Nede

I veke 41 tok avdeling Nede «haustferien» på Kleppa. Me fekk låna hytta til jakt- og fiskelaget, noko me er særs takksame for!

Veka starta med ein fellestur til Høgehaug, og denne gongen gjekk me ein annan veg opp enn me har gjort før. Dei som no går i første klasse var opptekne av å utforske nye stiar i vår, så denne gongen gjekk turen om «Utsikten».

Etter litt kartlesing synte det seg at området der plassen er heiter «Skuten». Skodda bevegde seg rundt oss og på eit tidspunkt såg me ingen verdens ting! Plutseleg kunne me skimta Vangsnes, og etterkvart Feios. Dette var kjempe spanande! Oppe på Høgehaug åt me lunsj før me leika. Ei gruppe laga seg ei hytte av avkappa greiner. Eit kjekt prosjekt med godt samarbeid mellom dei ulike aldersgruppene og god arbeidsinnsats.

Nokre barn fann mosegrodde greiner som dei la over nakken, plutseleg var dei reinsdyr med flotte revir! Dette er eit døme på kreativ leik med skogen som utgangspunkt.

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52). 

Bygging av hytter = bygging av relasjonar.

Å bygge hytte er eit krevjande samarbeidsprosjekt der både hjernemusklar og armmusklar hjå seg sjølv og kvarandre vert sett pris på. Barna opplever mestringskjensle i ein sosial samanheng.

Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplanen: 11).

Fantasien til borna blomstrar på Kleppa, og inne i granskogen gløymde det seg både troll og revar og hjortar. Samstemde gjekk me på smygjakt etter hjorten, noko som krev lydlaus listing for ikkje å skremma vekk dyra. Det var kjempe spanande, og dei eldste ungane passa godt på at dei yngste barna var med og at dei ikkje skulle bli redde. Etter endt hjortejakt måtte me konkludere med at resultatet ikkje var heilt som håpa på. MEN då skjedde det noko spanande! Inne i grillhytta var det tre mus, og slik fortsette jakta – berre på mus isteden for hjort. Me sette opp felle med pølserestar frå grillinga, me prøvde med røbetsalat og med kvitost. Men «desse musene har øvd seg mykje på å lura folk før», sa eit av barna, og gong på gong hadde dei forsynt seg av åta men ikkje gått i fella…

Dagsturhytta er eit kjekt turmål, og turen til vert ekstra gledefylt då ein får gå saman med venene sine. Det bognar av gode samtalar og hjelpsame ungar, som samtidig utforskar og oppdagar ting på vegen. Området rundt «Orrabu» legg til rette for alt i frå klatring og husbygging, til gøymeleiken og sminkesalong. Sminkesalongen tilbaud også matservering, så «Orrabu» har så å seie alt å by på – og her kunne me vore i dagevis!

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52). 

På tur med kosedyra! Om omsorg og ansvar.

Alle barna hadde med seg eit kosedyr på Kleppa, og desse skulle få vere med på tur inn i skogen. Barna plasserte kosedyra i selen på sekken sin, slik at dei fekk god utsikt! Det er ikkje så ofte kosedyra er med i skogen, så det var viktig å vise dei alt som finst der. Då me var komne til Raudmålsgrindi og hadde rasta ferdig, hadde me ei lita oppsummering på kva kosedyra hadde fått med seg av liv og røre i skogen. Barna fortalde kva kosedyra deira såg på turen; Steinar, mose, elg, hjortebæsj, Batman, rev, tre -faktisk veldig mange tre, dinosaurspor, kongler og maur. OG mus!! Her og!

Barna fortalde også litt om korleis kosedyra hadde opplevd turen, og dei fleste var redde for ulv og troll. Men det er ingen fare, for desse barna veit korleis ein trøystar dei som er mindre enn seg sjølv. Då seier ein fine ting, og ein seier at dei store passar på. Så må ein springe vekk og kjempe -viss det faktisk dukkar opp ein ulv eller eit troll!

Dei fleste kosedyra fekk seg ei lita kvilestund på ei av dei fine greinene i skogen, og nokre kosedyr fekk til og med smake blåbær! Etter turen planla barna korleis dei skulle få gitt kosedyra ein vask når dei kom heim. Då skulle dei bruke vaskemaskin, badekar, dusj, tørkeskap og fønar. 

Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre (Rammeplanen:20).

Etter eit halvt år der avdelinga praktisk talt har vore delt i to kohortar (aldersgrupper) på to ulike plassar, treng ein å verte kjent med og vande med kvarandre i rolege omgivnader -utan leiketøy. Kleppaveka er prega av at barna leikar mykje på kryss og tvers av aldersgruppene. Dei er nyfikne på kvarandre, og me ser mykje fin inntoning!

Etter ei veke der alle får gode felles opplevingar og gode erfaringar, har me gode kår for å videreutvikle samspel mellom barna når me startar opp tettare samarbeid mellom dei to kohortane i barnehagen. Dei store barna har inkludert dei yngre, og me ser at dei små også hjelper dei store når dei får anledning! Med utgangspunkt i dei gode sosiale relasjonane som starta på Kleppa, møter me no godt rusta til vidare utvikling av eit godt psykososialt miljø i barnehagen.

Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplan:11).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Nærmiljø og haust på avdeling Oppe:)

På småbarnsavdeling Oppe har me jobba med tema haust. Me har mala, plukka blad og laga bladkunst. Eple, pære og plomme smakar godt:)

Me er mykje på tur i nærområdet. Alltid kjekt å reise ned til fjorden og utforske fjæra. Vatn er fasinerande og sølepytt er kjempemoro. Dyr likar me godt og med har nokre høner som me likar å besøke. Tarkus har vore på besøk. Han er eit beltedyr som lærer oss om trafikk. I samlinga snakka han om bruk av refleks.

Me har fått nytt huskestativ i barnehagen. Toppen av lykke når det kjem traktor, gravemaskin og 2 arbeidskarar som jobbar med dette. 

I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling. 

Rammeplan: 2017

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedagar for Sjiraffane

Onsdag 16. september og torsdag 17. september var det jakt- og fiskedager for Sjiraffane. Då fekk barna vera med å setje og trekke garn i fjorden, i regi av Leikanger jakt- og fiskelag. Me var så heldige at me fekk sitja på med brannbåten, noko som var veldig stas! All fangsten vart samla i eit kar, der me kunne sjå på og utforske fangsten me fekk. Delar av fangsten kunne tilberedast og smakast på, og me kokte krabbe og grilla makrell. I tillegg fekk me røykelaks av Leikanger JFL. Det var to kjempe spanande dagar for både store og små!

Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen.

Rammeplanen:17.
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Hakkebakkeskogen på Njøs

På avdeling Nede har me komme godt i gang med temaarbeidet vårt, som i år er knytt til forfattaren Thorbjørn Egner. Etter ynskje frå ungane har Sjiraffane og Revane valt «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» som utgangspunkt til temafesten i februar. Me starta med å lesa dei to første kapittela i boka i ei samlingsstund på Njøs, og etterpå var det eit av barna som kom med forslaget om å laga «Hakkebakkeskogen» på uteområdet på Njøs. Alle var samde om at dette var ein kjempe god ide, og arbeidet starta neste dag med tur til Byggmix. Der handla me ei stor plate som me kunne teikna figurane frå boka på. Vidare har me skjært figurane ut, og malt dei etter instruksjoner frå ungane. Etterkvart skal dei få «hus» plassert rundt omkring i skogen på Njøs.

Barnas medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlaget for vidare innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn.

(Rammeplan s.55).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Aktivitetar på avdeling Nede dei siste vekene

I veke 23 byrja barnehagen med full opningstid att og uteavdelingane vart delvis avvikla. Tysdag 2. juni møtte heile avdelinga opp i barnehagen, -gleda var stor av å vera samla att. Sjølv om avdelinga stort sett har vore delt i kjernetida, har me vore saman delar av dagen.

Gruppene har nytta dagane til å gå turar i nærområdet. Vêret har synt seg frå si beste side og det har vorte fleire turar til Pilavika, Nybøstranda, Fylkesen, Njøs, Ole Brumm-Skogen, Aneflaten og Hjeddl. Tysdag 9.juni var ei gruppe på Eggja og Lauparfjell, og onsdag 24.juni gjekk ei gruppe til Fadnastølen. Barna har teke del i å bestemme kva dagane skal innehalde.

Læringsutbyttet til både barn og vaksne har vore stort dei siste månadane. Me ser til dømes at ungane har vorte meir sjølvstendige, motorisk sterkare og tek vare på eige turutstyr. Me ser også eit godt samhald i barnegruppa; dei hjelper kvarandre, oppmuntrar kvarandre og utfordrar kvarandre.

  • Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplanen:11).

 

  • Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og opp­ leve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader (Rammeplanen:49).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Utebarnehage, veke 21

Denne veka var Sjiraffane på Kleppa, og dei har gått tur kvar dag! Dei har gått til Lauparfjell, Høgehaug og Orrabu. Dei tykkjer det er veldig kjekt med «toppturar» for tida, og er begeistra for utsikt! Sjiraffane har prøvd ut nye stiar, og gruppa tykkjer slike ekspedisjonar er spanande! Dei har gått i tørr skog, våt myr, både mjuk og hard snø, og i lyng og på berg. Naturopplevingane blir beskrive gjennom medvite sanseomgrep; det dei ser, høyrer, luktar og kjenner på kroppen.

På turane har dei truffe ein del turfolk, og dei fleste slår Sjiraffane av ein prat med. Det er kjekt å snakka med folk ein treff på, og her kjem mykje god sosial kompetanse til syne – det er bra for skulestarten som nærmar seg! Sjiraffane er alltid hyggjelege, og viss turfolket har med seg ein hund i tillegg går praten ekstra lett. På turene ser me at barna oppmuntrer kvarandre og heier kvarandre fram!

IMG_3295

  • Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn (Rammeplanen:10).

 

På Njøs blir uteområdet utvikla meir dag for dag. Denne veka vart «Bukkene Bruse» ferdigstilt- det er ei bru laga av stokkar som barna har vore med å saga til og under brua er det eit troll. Og på veg over brua er det tre flotte bukker, laga av trestokkar og greiner! Dette har gitt næring til barna sin kreativitet, og dei har leika bukkene bruse både på Njøs og på turar me har gått. Me har også dramatisert eventyret i morgonsamling, og me har lese boka «Bukkene Bruse begynner på skolen».

IMG_1347 2

På mandag gjekk Revane og Sommarfuglane tur til båthavna for å sjå på redningsskøyta. Då var det så varmt og fint i vêret, at både store og små hadde lyst til å bada. Me såg opp mot dei snødekte fjella og konkluderte med at det vil nok ta ei stund før fjorden held behagelege badetemperaturar. Her vart det gode samtalar om sol, snøsmelting og vatn. Når me gjekk tur til Aneflaten på tysdag, var me så heldige at me fekk komma på besøk i stallen i Gjerdet å sjå på eit føll som var ein dag gamal! Det var kjempe kjekt!

Processed with MOLDIV

 

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Marihønene sine opplevingar, veke 21

Marihønene tykkjer det er veldig kjekt å sjå på dyra som held til i nærområdet til barnehagen. Dei har gått same turen fleire gongar i det siste, etter ynskje frå barna. Kvar gong er det noko nytt spanande, og denne veka fekk dei sjå eit føll som var to dagar gamalt! På tysdag kom isbilen i barnehagen, og det var kjempe stas for både store og små!

IMG_3285IMG_3286Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Utebarnehage, veke 20

Både på Kleppa og på Njøs har veka vore innhaldsrik. Me har førebudd og hatt 17.markering, og delar av dette er filma og vil bli synt i bygda si digitale 17.mai feiring.

På mandag laga Revane skjold og sverd, som dei pynta med å måla norsk flagg. Desse vart fine rekvisittar til filminnspelinga. Dei gjekk også tur til Lauparfjell i fint vêr. Tysdagen kom det snø på Kleppa, og dei leika og aka i snøen. Dei øvde til filminnspelinga, i flotte vikingklede, også lærde dei om Fenrisulven og Midtgardsormen. På onsdag spelte dei inn film, og spesielt stas var det med drone (eller «bie» som dei kalla den)! Så kom isbilen til Kleppa, den gjorde stort inntrykk på barna, og alle var i lykkerus av den kjekke overraskinga! På torsdag kom det endå meir snø, som gjorde til at Revane måtte møta på Njøs. Derfrå gjekk dei til «Edderkopphuset», og på vegen såg dei ein sauebonde som måtte henta ei daud søye og lamma hennar. På fredag var dei tilbake på Kleppa, der dei feira bursdag med grilling. Dei oppdaga også at Froskedammen var tint – og her var det mykje rumpetroll!

  • Barne­hagen skal gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap (Rammeplanen:9). 

 

På Njøs brukte Sjiraffane og Sommarfuglane mandagen til å leika, byggja stige til trehytta og å pynta til 17.markeringa dagen etter. På tysdag feira dei bursdag og markerte 17.mai med leikar som potetløp, sekkeløp, kubb, putekrig og hesteskokasting. Delar av det vart filma, som bidrag til bygda sin 17.mai film. På onsdag gjekk dei tur til Hjeddlene for å leita etter ein varde som ei tidlegare revegruppe har laga før – den fann dei, og når dei åt lunsj las dei boka om «Varden Steinar». På ettermiddagen kom isbilen til Njøs, det var ei skikkeleg kjekk overrasking for både store og små! På torsdag hadde dei bursdagsfeiring, med grilling av pølser og «hund og kjøttbein» som bursdagsleik. På fredag gjekk dei på hussafari forbi 11 av barna sine hus.

  • Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen (Rammeplanen:21).

Resultatet av filminnspelinga er ein film på 3 minutt, som syner korleis barna i Askedalen  markerer 17.mai. De kan sjå den her: https://youtu.be/TKyhO7DzRWo

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Marihønene utforskar nærmiljøet

  • Gjennom ut­ forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Utebarnehage, veke 19

Denne veka kom Sjiraffane til Njøs, og Revane flytta opp til Kleppa. Revane tykte det var ekstra stas å sjå snøen att – og den har dei oppsøkt fleire gonger i løpet av veka! På tysdag gjekk dei tur til Frækaland- og dei klarde også å finne Risadammen etter litt leiting. Her såg dei masse froskeegg. Onsdag gjekk turen til Trollgrana, der dei klatra og leika. Revane fann også ein super akebakke over gapahuken som dei aka i, både onsdag og torsdag. På torsdag grilla dei til lunsj, og alle ungane spikka sine eigne grillspyd! Etter ynskje frå ungane var kosebamsane med på skogstur på fredagen – då hadde dei også med flagg for å markere frigjeringsdagen. På turen lærde dei om Sleipner, hesten med 8 bein. Det fengja ungane, då det er ganske spesielt at ein hest har 8 føter…. Etter turen, som gjekk til Raudmålsgrinda, fekk Revane varmen i seg under hjorteskinn i den flotte grillhytta til Jakt- og fiskelaget!

Revane har laga planar for dagen, og kanskje dagen etterpå, i morgonsamlinga. Då får alle høve til å koma med ynskje om kva dei har lyst til.

8266A334-EB2F-4623-BC05-6FC68379CE3D

  • I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald (Rammeplanen:21).

 

Sjiraffane tykte det var kjekt å koma på uteområdet på Njøs – her hadde det skjedd forandringar sidan sist dei var der. Dei nye naturleikeapparata var kjekke å leike med, og det aller kjekkaste var å treffe att Sommarfuglane. Begge gruppene hadde mykje å fortelje kvarandre – og morgonsamlinga mandag gjekk med til å høyre korleis Sjiraffane hadde hatt det på Kleppa og kva Sommarfuglane hadde gjort på på Njøs.

Sjiraffane tykte hjortespor-turen til Sommarfuglane høyrdest spanande ut, så mandagen tok me turen til Ulvateigen og Nepperthaug for å leite etter hjorten. Me fann så mange skattar på turen at me gløymde litt å sjå etter hjortespor. På tysdag gjekk turen til Fadnastølen. Me hadde tenkt å gå så langt me kom, men før me visste ordet av det var det ikkje meir att av stien! Resten av veka gjekk med til trehyttebygging, blomsterkranslaging, surbladplukking, frileik og regelleikar. På fredagen åt me lunsjen vår inne i dei gode, varma lavvoane som me får låna av Jakt- og fiskelaget!

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplanen:52).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Utebarnehage, veke 18

Då har avdeling Nede hatt ei ny, fin veke med utebarnehage. Sjiraffane har hatt ei kjekk veke på Kleppa, med mellom anna grilling, språkløype, matematikkleik og tur til Frækaland! Dei har lese mykje om «Tor med hammaren» og andre æsar fra norrøn mytologi, noko barna har funne særs spanande. Dei avslutta veka med bursdagsmarkering, med dramaleik knytt til norrøn mytologi og milkshake.

IMG_2521

  • I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og for­ teljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur (Rammeplanen:48).

 

På Njøs har Revane og Sommarfuglane vidareutvikla naturleikeplassen, med rydding og bygging av nye nyttige «byggverk». Dei har saga og nytta hammar og spiker. Dei felte nokon tre for å lage ny balansestokk, og då nytta dei greinene til å lage ein levegg ved bålplassen. Den synte seg å vera nyttig, og gav dei litt ly for den heftige vinden som var på torsdag. I ryddearbeidet rangerte barna pinnar etter storleik, og dei talde kor mange pinnar som gjekk med til leveggen. Det var fleire enn dei klarde å telja til… Også på Njøs avslutta dei veka med bursdagsmarkeringer, med regelleik og grilling.

Processed with MOLDIV

  • Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring (Rammeplanen:22).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Uteavdelingar

Avdeling Nede har i desse dagar organisert seg på uteavdelingar på Kleppa og Njøs. Me har vore så heldige at Jakt- og fiskelaget har lånt oss hytte og lavvoar, noko som har bidrege til at uteavdelingane fungerer godt. Gjensynsgleda var stor då barna møtte kvarandre att etter ein lengre periode vekke fra kvarandre, og fokuset vårt denne veka har vore leik og barns medverknad. 

Sjiraffane har hatt ei flott veke på Kleppa, med turar til fots, aking på snøen, skigåing, eventyrsamlingar, regelleik, utforsking, kreativitet og leik.

IMG_2292

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

Revane og Sommarfuglane har hatt ei fin veke på uteområdet på Njøs. Dei har vore på oppdagingsturar i nærområdet, ordna apparata på naturleikeplassen, hatt regelleik og lesestund, og leika mykje saman.

Processed with MOLDIV

  • I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. […] Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna (Rammeplanen:19).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Skulekamerattreff og Revetur til Eggja

Torsdag 5.mars hadde skulekameratane treff på Kleppa. Der hadde dei felles samling med namnesong, dei leika i snøen, gjekk på ski, sklei på rompebrett og laga snøholer. Dei hadde med seg varm drikke på termos, og til lunsj grilla me pølser. Det var ein kjempe kjekk dag, med god stemning og fin leik. Slike opplevingar saman gir barna moglegheit til å bli kjende med kvarandre og utvikla venskap før dei skal gå i klasse saman.

 

Processed with MOLDIV

  • I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).

Fredag 6.mars reiste Revane på tur til Eggja. Der utforska dei naturen og fann dei spor etter rev og fuglar. Nokon meinte dei såg dinosaurspor også…. Forholda for aking var heilt supre på dei flotte bøane og ungane fekk ikkje nok. Det var så vidt me hadde tid til lunsj, då laga me bål og grilla pølser. Til dessert grilla me marshmallows – som var høgdepunktet i lunsjdelen. Ungane hadde ein flott dag saman, og me ser eit fint fellesskap i gruppa der ungane gir kvarandre ei hjelpende hand eller oppmuntrende ord når det trengst.

Processed with MOLDIV

  • For å ivareta barnas behov for leik skal personalet fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik (Rammeplanen:20).

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplanen:52).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Arbeid med tal og fargar

No i januar hadde me på avdelinga oppe temaet fargar, februar var da tal og me har no i mars starta på temaet formar. Ungane har vist interesse for tema og har jobba iherdig med opplegga me har gjeve dei.

Processed with MOLDIV

Meng rom og form:

  • Fagområdet omfattar leikande og undersjøkande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, formar, mønster, tal, telljing og måling (Rammeplanen:53).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Temafest, markering av samefolkets dag og tur til Ylvisåker

Fredag 14. februar hadde me temafest i barnehagen. Her hadde dei aldersdelte gruppene ulike framføringar, valgt ut i frå barna sine ynskjer. Marihønene og Sommarfuglane samarbeida med avdeling oppe og framførde «Baby shark»- dansen og song «Hokus og Pokus». Revane hadde teke utgangspunkt i boka «Den fantastiske Mikkel rev» av Roald Dahl, og laga ei eiga historie om korleis historia fortsatte etter at revane hadde laga seg tunellar til alle matlagra som bøndene Bunce og Boggis og Bean eigde. Sjiraffane hadde laga sin eigen vri på historia om «Georgs magiske medisin» av Roald Dahl, der Georg klarte å trylla fram to kopiar av seg sjølv. I tillegg var det med karakterar som den grusomme bestemora, to hestar, ei mor og ein gris. Etter framsyningane hadde me felles lunsj oppe, før me samlast rundt pinjataen og slo «katta ut av sekken».

  • Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen:50).

Torsdag 13. februar var skulekameratane på skulekamerattreff i Holerunane ved barneskulen. Dei fekk låna den flotte lavvoen til skulen, der dei åt god taco til lunsj før dei hadde naturløype ute etterpå. Til slutt gjekk dei opp på skuleplassen og traff dei elevane som skal bli fadrane deira til hausten, og aka saman med dei i den store akebakken- det var veldig stas.

  • Barne­hagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt felles­skap (Rammeplanen:22-23).
  • Dei eldste barna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og opp­ leve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen (Rammeplanen:33).

Torsdag 6. februar markerte me samefolkets dag her i barnehagen. Det starta med at me hadde ei samling om kva markeringa av dagen inneber og kven samefolket er. Så gjekk me til uteområdet vårt på Njøs der ungane som ville fekk prøva å kasta lasso på eit revir, og alle åt kjempe god Bidos med Gahkko attåt til lunsj. Den hadde matgruppa laga dagen før.

  • Barnehagen skal skape interesse for mangfaldet i samfunnet og forståing for livsverda og levesettet til andre menneske (Rammeplanen:54). 

Fredag 31. januar reiste Sjiraffane på besøk til Ylvisåker barnehage. Dei har vore vennskapsbarnehagen til Askedalen i samband med fagnettverket nærmiljø og samfunn sitt mellomliggjande arbeid, og dei eldste i Ylvisåker dansa også «BlimE-dansen» 
saman med Sjiraffane på scena i kulturhuset. Sjiraffane fekk låna lavvoen deira til å eta lunsjen sin, og i tillegg til å leika ute og inne i barnehagen, rusla dei seg også ein tur i nærområdet. Sjiraffane likte seg veldig godt der inne.

  • Gjennom ut­ forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Gym i januar

Då vintervéret i januar ikkje har vore det beste, er me ekstra glade for gymtimen vår onsdagar. Her får me utfalda oss på bygda sitt største golv, med springing, klatring, hopping, balleik, rockeringar, dansing og regelleikar. Avdelingane samarbeider godt om korleis gymmen vert organisert og ungane tykkjer det er kjekt med ulike utfordringar, som fører til stor glede då dei mestrar.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal personalet vere aktive og nærverande, støtte og utfordre barna til variert kroppsleg leik og anerkjenne barnets meistring (Rammeplan:49-50).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Førjulstida i Askedalen

Godt nytt år til alle!

I desember hadde me mange kjekke aktivitetar i barnehagen. Gjennom samarbeid med kyrkja deltok to grupper på sansevandring og julevandring, i tillegg til ei felles adventssamling saman med dei andre barnehagane. Ungane tykte det var spanande å høyre juleevangeliet, og å fortelja det att gjennom rollespel.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn, og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverdi (Rammeplanen:54).

13.desember markerte me Lucia-dagen der me vitja aldersheimen. Me gjekk i eit fint tog med lys og stjerner, og delte ut lussekattar me hadde laga i barnehagen. Det var kjekt å sjå kor glade bebuarane der var for besøk!

På mandagane i desember hadde me felles adventssamling med avdeling Oppe. Me tende lys, song julesongar og trakk adventskalender. Samarbeidet på tvers av avdelinga er positivt då barna vert betre kjende med kvarandre, dei små kan læra av dei store og at dei felles opplevingane dei får saman er med på å utvikle venskap og tryggleik.

Processed with MOLDIV

  • Barne­hagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).

Siste veka før jul hadde me nissefest, med song, graut, skodespel, nisse og julefilm. Det var utan tvil eit av barnas høgdepunkt i desember, og alle kom kledde i nisseklede. Torsdag 19.desember var avdeling nede invitert til «julebord» i fjøsen til Sverre. Der hadde han laga nydeleg hjortegryte med ris, servert på det finaste serviset han eigde. I tillegg drakk ungane saft frå stetteglas – noko som var ekstra stas. Til dessert fekk me is og varm sjokoladesaus. Ein uforgløymeleg oppleving som både ungane og dei vaksne sette stor pris på. Ekstra spanande var det at nissen som bur på loftet i fjøsen gav lyd ifrå seg…

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema,[…] som bidreg til meiningsfull samhandling (Rammeplanen:22).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Avd. oppe november 2019

I november har dei små oppe hatt fokus på fagområdet, kropp, rørsle, mat og helse.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med fagområdet skal barna få sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt (Rammeplan:49).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til Nepperthaug

Ein onsdag då Saften var oppteken reiste avdeling Nede på tur til Nepperthaug som eit alternativ til gym. På denne turen fekk barna utfalde og utfordre sine motoriske ferdigheiter med til dømes klatring, «motbakkeløp», balansering og å gå i bratt nedoverbakke. Barna var flinke til å passa på kvarandre, hjelpa kvarandre og motivere kvarandre undervegs. Det å få hjelp av ein venn som gir deg handa si og dreg deg opp siste biten av bakken, eller som ropar «HEIA HEIA» når du treng det som mest, bidreg til ei kjensle mestring og tilhøyrsle. Ein veldig kjekk tur for både barna og dei vaksne.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplan:49).

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse (Rammeplan:49).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplan:56).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Naturvaktene på oppdrag!

Tysdag 5.november fekk Revane, som er barnehagen sine naturvakter, eit oppdrag frå Ugla. Ho hadde sett at barna i Askedalen hadde vore arbeidssame og flinke til å samarbeida med å samla saman mykje lauv i plastsekker. Desse plastsekkane skulle opp til bossplassen og tømmast på hageavfallsplassen, noko som var ein perfekt jobb for hjelpsame revar. Dei flytta først alle sekkene inn i bilen (som skulle køyrast av Sverre), før dei gjekk i eit forrykande tempo opp til Kvålen – med mål om å komma før bilen. Ved Moene passerte Sverre dei med eit glis, men revane var snar med å tenkja ut litt lureri – og klarde på magisk vis og ta ein sluttspurt som gjorde til at dei kom først fram likevel. Revane jobba godt saman for å klara å få tømt dei tunge plastsekkane medan Edith fortalde dei om prosessen frå hageavfall til jord. Då oppdraget var utført tok dei seg ein liten «kjeks-pause» på bilen» før dei jogga heim til barnehagen.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen (Rammeplanen:52).

 

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal personalet synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen (Rammeplanen:53).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

FN-markering

Torsdag 24. oktober markerte me, tradisjon tru, FN-dagen med basar her i barnehagen. Med middag, kunstutstilling og utlodding av gevinstar samla me inn pengar til prosjektet «Barnehjelp Afrika». Av barna har særskild Sjiraffane ansvar for førebuingar og gjennomføring av basaren, med god hjelp frå dei andre barnegruppene. Dei har besøkt bedrifter der dei informerte om prosjektet me samlar inn peng til og teke imot gevinstar bedriftene har gitt til utloddinga. Sjiraffane har laga invitasjon på datamaskin og velkomstplakat for hand. 

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp (Rammeplanen:21).

Processed with MOLDIV

Avdelinga nede har i tida før og etter 24. oktober arbeidd med kva FN er for noko, kva arbeid organisasjonen utfører og FNs barnekonvensjon. Me har hatt fokus på «å hjelpa», og snakka om at ikkje alle barn har dei same føresetnadane som barn i Noreg. Barna i Askedalen har mange gode refleksjonar rundt dette og synte stor iver til å nytta basaren vår til å hjelpe andre.

  • Gjennom samspel, dialog, leik og utforsking skal barnehagen vere med og sørgje for at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse, slik at dei kan bidra til endringar (Rammeplanen:21).

Processed with MOLDIV

Tusen takk til alle bedrifter som gav flotte gevinstar til utloddinga vår. Tusen takk til foreldre, søsken og besteforeldre for at de bidrog til at basaren vart eit flott arrangement. Samarbeidet med dykk førte til at me kunne senda eit fint pengebidrag frå Askedalen barnehage til Barnehjelp Afrika.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap (Rammeplanen:9).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Det finst ikkje dårleg vêr …

Fredag 13. september var me så heldige at me fekk oppleva å vera ute i skikkeleg ruskete vêr! Dei heftige regnbygene var til stor glede for barna som ivrig hoppa i sølepyttane og laga demningar og nye «elveløp». I slalombakken hadde ei lita grov teke eit nytt løp og her fann ungane ut at det var ei perfekt vannsklie! Og midt oppi all nedbøren og dei svære pyttane fann to av sommarfuglane ut at me måtte sjøsetja ei redningsskøyta oppe på Kleppa sidan det var så mykje vatn.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52).

Processed with MOLDIV

Etter å ha vore ute ei stund venta tørre klede, ei varm hytte og ein framifrå god lunsj. Me åt laks med ris, grønnsaker og saus til – kjempe godt! Alt i alt har me hatt ei super veke på Kleppa og gledar oss allereie stort til juni, både små og store.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til Raudmålsgrindi.

Torsdag 12. september gjekk me på oppdagelsesferd i skogen over jakt- og fiskehytta. Der gjorde barna fleire spanande observasjonar, til dømes fann me plastboss som absolutt ikkje høyrer heime der! Dette passa nokon av naturvaktane på å plukka med seg, sidan det er deira oppgåve å passa på naturen. Me såg også blad som hadde gule og raude fargar, og så såg me mykje sopp. «Dette er teikn på at det er snart blir jul» sa ein Sjiraff..

Processed with MOLDIV

Ein av revane har nyleg delteke på ein sopptur og lært litt om kva soppane heiter, og om dei er etande eller ikkje. Det har ført til at han har blitt barnegruppa sin soppekspert som dei andre barna henvender seg til når dei lurer på noko, – på denne turen fekk han mange spørsmål!

  • Personalet skal sørgje for eit inkluderande fellesskap og leggje til rette for at barn kan bidra i eiga og andre si læring (Rammeplanen:22)

Processed with MOLDIV

Når me stoppa og vurderte om me skulle snu, var det samstemt at me skulle gå vidare på stien. Til slutt var me komne heilt til Raudmålsgrindi! Barna imponerte stort i ulendt og sleipt terreng, med godt humør og hjelpsam innstilling. Når me kom tilbake til hytta venta tomatsuppe inne i hytta.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplanen:52).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til Dagsturhytta!

Onsdag 11. september gjekk turen til dagsturhytta. Me har ein ivrig og livleg gjeng med stor turglede! Der terrenget er ulendt hjelper dei største barna dei som er mindre. Me opplever at slike felles opplevingar gir godt samhald i barnegruppa. Samtalane går i eitt og fantasien har ingen grenser. Me såg ulv og bjørn og rev og romvesen på vegen!

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

På dagsturhytta åt me matpakken medan me las ei bok om ulven Bomulv. Den passa ekstra godt når me hadde sett så mykje ulv på vegen til… Etter lunsjen leika me ute. Då spelte nokon av barna opp til rockekonsert!

Processed with MOLDIV

  • Personalet skal bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema (Rammeplanen:20).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveke og tur til Høgehaug!

Mandag 9. september gjekk Revane og Sommarfuglane på duggletur i området rundt Kleppa. På vegen såg me mykje spanande, noko som førte til utforsking, undring og fine samtalar. Me som mellom anna nokon som likna skrekkeleg mykje på Pulverheksa i slalombakken! Var ho der for å spionera på oss? Var ho på sopptur? Eller måtte ho trena for å halde seg i god flyform? Forslaga var mange… I Trolltreet klatra me ein og ein. Dei som venta på tur stilte seg i ein fin kø og heia på den som klatra. Ei kjempe fin stund der kvar og ein opplevde både individuell mestring og glede på vegne av andre som mestra.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing (Rammeplanen:11).

Tysdag 10. september tok avdeling Nede turen til Høgehaug. På vegen fann me mykje blåbær som barna meinte smaka veldig godt. Barna plukka til seg sjølv og til å dele med venene sine. Me opplever ei barnegruppe som har omsorg for andre og som er hjelpsame med kvarandre. Kaffikoppen til Lillian fekk mykje merksemd frå barna då dei oppdaga at Kamila hadde teikna eit hjarte bak namnet hennar. Dei reflekterte rundt venskap, og at dei vaksne også er gode vener og snille med kvarandre.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring (Rammeplanen:19).

På turen fann me også mykje sopp, noko som barna tykte var interessant. Nokon av barna hadde litt kunnskap om kva dei ulike soppane heitte og kven som kunne etast og ikkje. Me plukka mykje kantarell, som me steikte og tok ein smakebit av til fruktmåltidet. Etter frukt leika me i området rundt jakt- og fiskehytta og barna tykkjer det er moro å finna leirduer i terrenget. Leirduene er utgangspunktet for mykje fin leik. Dei plukkar og tel, og nyttar dei som serveringsfat i rolleleik.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid (Rammeplanen:49-50).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Sjiraffane på kommuneval!

Mandag 9. september, på sjølvaste valdagen, fekk Sjiraffane besøka vallokala og ordførar Jon Håkon Odd! Me har over tid jobba med temaet demokrati og me har snakka om kommunesamanslåinga og kommunevalet. Ungane har fått høyra om kva parti som stiller til val og kva sakar dei ulike partia arbeider for.

  • Barnehagen skal bidra til at barna får forståing for og sluttar opp om demokratiske verdiar og normer som ligg til grunn for det samfunnet vi har i dag (Rammeplanen:9).

IMG_0721

Med eigne røystesetlar gjekk Sjiraffane til val. Røystesetlane vart lagt oppi ei eiga valurne som Sjiraffane fekk nytta. Etterpå var det klart for oppteljing av stemmene, og det viste seg å vera eit spanande val! 

IMG_0722

Her er valresultatet i Askedalen barnehage:

Vinnar var Mdg og Ståle Loftesnes med heile 3 stemmer.

Sv: 2 stemmer

Sp: 2 stemmer

Ap: 1 stemme

V: 1 stemme

Det Sjiraffane nemde som viktige saker for dei var: å ta vare på naturen, rettferdigheit og omtanke for alle.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir oppmuntra til å medverke i eigen kvardag og utviklar tillit til samfunnsdeltaking (Rammeplanen:56).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til Dei Heibergske Samlingar

Torsdag 29. august reiste stor avdeling på besøk til Dei Heibergske Samlingar på Kaupanger. Me køyrde buss til og frå museet, noko som var ei spanande oppleving for barna. Det var god stemning og gode samtalar heile vegen, og felles opplevingar som dette er med på å utvikle barna si kjensle av å tilhøyra eit fellesskap.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).

Før lunsj gjekk me rundt og såg på dei gamle husa og dyra som er der. Eit av husa, Kvammeloftet som opprinneleg kjem frå Borgund i Lærdal, fanga barna si interesse. Dei stilte gode spørsmål som bidrog til undring og læring.  Som følgje av at dørene til husa var mindre enn dei me er vandt med i dag var det ei som spurde:  «Var dei folki før småare enn oss?».

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til å gi barna forståing for at samfunnet er i endring, og at dei er ein del av ein historisk, notidig og framtidig samanheng (Rammeplanen:57).

Processed with MOLDIV

  • Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine (Rammeplanen:22).

Tåka låg tett rundt husa og skapa ein mystisk, spanande stemning. Ekstra moro var det å sjå hønseflokken som budde der, etter at me har klekt fram kyllingane våre her i barnehagen. Me såg at dei hadde andre fargar, og lærde at hønene på museet er av typen Jærhøner.

Processed with MOLDIV

Inne i eit av husa fekk me fortalt eventyret «Reven som gjetar». Eventyret fengja barna som etterpå delte eigne historiar om mellom anna revar, geiter og dinosaurar. Dei fekk også stille spørsmål til Mari, som jobbar på De Heibergske Samlingar, og spurde om alt ifrå husa, til dyra, til eventyret.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar (Rammeplanen:56).

Processed with MOLDIV

Etter lunsjen gjekk me tur i Eventyrskogen. Her traff me på fleire figurar frå eventyrverda og ein av dei som gjorde ekstra inntrykk var kjerringa som satt fast med nasen i vedstubben. Undervegs på stien høyrde me ulvar og troll. Me lærde kva som var furuskog, og me fann blåbær og tyttebær. Heilt til slutt fekk me is av dei som jobba på museet!

Processed with MOLDIV

  • Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).

Tusen takk til De Heibergske Samlingar for ein kjempe kjekk dag for store og små! 31EA1665-7423-49C2-8F4B-D5E14EEDD8B6

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 4 – overnatting og siste dag.

Frå torsdag 13. juni til fredag 14. juni overnatta Sjiraffane på jakt- og fiskelaget si hytte. Det var seks spente Sjiraffar som kom til Kleppa torsdag kveld. Dei har snakka om overnattinga i lang tid og hadde forventningar til korleis det skulle bli. Etter at dei var med å ordna til soveplassane sine, laga me taco til kveldsmat. Matretten vart bestemt gjennom ei avstemming der taco fekk 4 av 6 røyster. Sjiraffane har lært om kva det inneber å vera deltakarar i eit demokratisk samfunn og opptekne av at fleirtalet bestemmer. Kva film me skulle sjå om kvelden vart også bestemt slik.

  • Ulike meiningar og perspektiv skal få komme til uttrykk og vere utgangspunkt for utviklinga av barnehagen som demokratisk fellesskap (Rammeplanen:9).

Processed with MOLDIV

Etter kveldsmat bytte alle til pysj, tok på seg sko og gjekk ut. Ute sprang dei i pysjen, klatra på svaberget i pysjen og leika «haien kommer» og «fisken i det røde hav» i pysjen. Til slutt hadde me gøymeleiken i pysjen. Det var veldig moro for både ungane og dei vaksne. Når me kom inn igjen i hytta hadde kiosken opna og ungane fekk kjøpa seg chips og godteri til «kinoen». Her måtte dei rekna seg fram til kor mykje det kosta og betala. Filmen dei såg var «Dragetreneren». Etter film venta soveposen, og då alle hadde lagt seg las Kari godnatt-historie.

  • Barne­hagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).

Fredag våkna Sjiraffane godt krye over at dei hadde overnatta på hytta. Dei åt frukost saman oppe på loftet, medan dei andre barna vart levert nede. Det var sol og varmt ute, så me gjekk tidleg ut for å leika. Me var i området rundt hytta heile dagen. Ungane laga seg hytte, bål av steinar og grus og fann store og små froskar.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal personalet leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring (Rammeplanen:52). 

Til lunsj grilla me pølser i grillhytta. På ettermiddagen hadde me nokre felles regelleikar, der me leika «Hauk og due» og «Haien kommer». Barna la også merke til at det var plastikk-boss på skytebarna og alle gjorde ein innsats å plukka fem posar fulle med boss. Nokon av barna spelte det nye, finske spelet me har fått i barnehagen. Då må dei kasta og velta nokre pinnar med ulike tal på, for så å vidare telja kva summen av pinnane som vart velta blir. Det utgjer poenga dei får. Etter 10 rundar legg ein saman poenga frå kvar runde. Dette syntes barna var kjekt, og fleire var tilskodarar som hjalp til med teljinga.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på (Rammeplanen:53).

 

Me har igjen hatt ei heilt SUPER Kleppa-veke og gledar oss til neste gong me skal opp hit! Takk til alle som bidreg til at me får dette til!

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 3 – tur til dagsturhytta.

Torsdag 13. juni gjekk me tur til Orrabu, dagsturhytta som ligg rett over jakt og fiskelaget si hytte. Barna såg fram til turen på førehand og var ivrige på å ta føtene fatt. På vegen fantaserte me om trollet som bur i skogen ved slalombakken. Det er gult, raudt, brunt og svart, og har ein brei og veldig lang nase. Nokon meinte at dei såg det, medan andre meinte det gøymde seg fordi det er folkesky.

Processed with MOLDIV

På vegen leita barna etter plassar dei kunne balansere eller klatre, og me fann fleire spanande gjenstandar. Det var fine samtalar undervegs, og barna som gjekk fremst passa på at dei venta med jamne mellomrom slik at alle var med.

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

På dagsturhytta åt me matpakken vår. Maten smakar ekstra godt når ein er på tur i naturen! På vegen ned til Kleppa att sprang ungane heile vegen, til og med rett ned bratthenget i slalombakken.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

Processed with MOLDIV

Då me kom attende til Kleppa hadde me ei eventyrstund i grillhytta der me las eventyret om «Espen Oskeladd som kappåt med trollet» og ei historie om Pulverheksa. I etterkant kan me sjå at eventyrstunda gir næring til leiken. Mellom anna leika nokon av barna at dei var ein familie som fekk besøk av eit troll som ville kappeta. Dei hadde ikkje graut og tilbaud trollet surblad istaden for, men då vart han så sur at dei trylla fram graut med pulveret sitt..

  • Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne (Rammeplanen:20).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveka – dag 2.

Onsdag 12. juni var me i området rundt hytta. Me leika, leita etter froskar, rompetroll og andre insekt, og klatra på svaberget. Dei barna som ville klatra vart sikra med sele og tau. Då dei venta snakka dei om kor lett det kom til å bli, for det hugsa dei frå i fjor… Plutseleg tok det til å regna og svaberget vart sleipt – noko som gav ungane ein god og krevjande utfordring. Her måtte barna tenkja ekstra nøye over kvar dei valde å klatre og bruka litt ekstra krefter. Dei som såg på var supre oppmuntrarar som heia, kom med positive kommentarar og gav råd om kor ein burde setja føtene.

  • Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

Nede på myra er barna ivrige på jakt etter rumpetroll og froskar, og engasjementet endar ofte med vatn over støvlekanten.. Det vart fanga fleire rumpetroll og ein frosk. Froskane er ikkje dei enklaste krypa å hanskas med.. Ein «kjempestor» frosk stakk av trass i at barna prøvde å lata som om dei var froskar med å lage kvakkelyd og hoppa i myra.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52). 

Processed with MOLDIV

Til lunsj åt me varm og god grønsakssuppe i grillhytta før me hadde ei lesestund. Då las me eventyra «Jack og bønnestengelen» og «Katten med støvlene» etter ynskje frå ungane. 

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale (Rammeplanen:48). 

Processed with MOLDIV

På ettermiddagen var det nokon av barna som ville spikka. Her boblar kreativiteten over, og åre-greinene vert forvandla til spyd, telefon og fugleskremsel (for å nemna nokre).

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk (Rammeplanen:51). 

 

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 1 – tur til Høgehaug.

Tysdag 11.juni gjekk turen til Høgehaug. I fantastisk vær tok vi fatt på bakkane og fekk kjenne at kroppane våre kan både puste og sveitte. Når vi går slik vert samtalane gode og mange, og vi opplever natur og dyr på vegen.

På Høgehaug smurde vi lunsj på utebordet ved trekanthytta og ikkje lenge etter var rolleleiken i gang.

Det er flott og sjå stubben som vert den kulaste bussen eller treet, som etter litt sanking av pinner og ved, vert til ei hytte med tak og to inngangar. Ungane leikar, samarbeider og gløymer tid og stad. Alle får være med.

  • Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring (Rammeplanen: 19) .

Tilbake til hytta får barna springe så fort dei orkar og dei får erfare at ulendt terreng kan utfordre små føter. Men plaster hjelper på det meste og dei skal lære å meistre og kontrollere eigen kropp.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar (Rammeplanen: 49).


Før vi gjekk tilbake til jakt- og fiskehytta stoppa vi ved froskedammen for å sjå etter rumpetroll. Det fann vi ikkje der, men på myrane attmed hytta var det mange.

Vi fann derimot andre småkryp og insekt ved froskedammen og tenkte at «sikkert tusenvis av rompetroll har vorte til froskar som vi kan kysse og trylle fram dei finaste prinsar og prinsessar av».

Etter ein flott dag med mykje fysisk aktivitet og naturopplevingar, var det godt å komme tilbake å setje seg litt og kjenne at tørsten kan ein sløkkje med kaldt vatn og frukt.

 

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen (Rammeplanen:52).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Rugeegg og 17.mai markering

Tysdag 14.mai reiste nokon av Revane til Kjørnes barnehage for å henta rugeegg. Der inne har dei hønsegård og ungane i Kjørnes driv entreprenørskap ved å selja egga som hønene legg. Me kjøpte 15 egg av dei, og for å kunne ruge fram desse fekk me låna rugemaskina deira. Dei gav oss også mange nyttige tips knytt til rugeprosessen. Me har hatt fokus på viktigheita av å kunne samarbeide med andre og å læra av andre, og ikkje minst rose andre for det dei får til! Ekstra kjekt var det å besøka Kari Grinde og sjå korleis barnehagen ho jobbar i no ser ut.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen introdusere barna for personar, stader og samfunnsinstitusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen: 57).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).

No ventar me i spenning på å sjå om me klarar å klekka fram ein ny sogndøl…

Onsdag 15.mai inviterte me foreldre til å vera med på barnehagen sin 17.mai-markering på Njøs. Her kom alle barna i tog frå barnehagen, bak den flotte fana vår. Dei song nasjonalsongen og «17.mai er vi så glad i», ropte «hurra» og marsjerte i takt etter Sverre sin tromming. Oppe på Njøs vart det servert potetgraut med tilbehør, pølser og kaker. Me hadde også forskjellige 17.mai leiker – som potetløp, sekkeløp, putekrig og kubb. Barna har jobba med førebuing til denne markeringa i barnehagen, der dei har lært om historia om kvifor me feirer 17.mai og laga sine eigne 17.mai kruner.

Processed with MOLDIV

• Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar (Rammeplanen:56).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna (Rammeplanen:50).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle (Rammeplanen:51).

Takk til alle som bidrog til at det vart ei så flott markering!

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tal & former

I februar hadde me tema om tal, der me repeterte tala kvar dag. Me las bøker om tal og «de tre bukkene bruse» og «gullhår og de tre bjørnene» som er veldig populære på avdelinga Oppe. Tal kan ein kommunisere saman med ungane om heile tida, uansett kva situasjon ein er i, som til dømes i leik eller grupper. I samlingstunder sang me songar med tal, der me vaksne synte med fingrane.

Processed with MOLDIV

Ungane visar stor interesse for tal, og dei eldste på avdelinga kan telja frå 1-10. Ungane føler på meistringsfølelse ofte, og det er kjekt å sjå. Det er viktig at me vaksne følger opp, og forsetter den positive utviklinga til ungane, og «øving gjer meister».

  • Barnehagen skal bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på (Rammeplan:53).

Processed with MOLDIV

I mars har me fokusert på tema om former. Sirkel, trekant og firkant har våre i fokus blant anna i samlingar, grupper, turar og aktivitetar. Ungane har våre flinke til å kjenne igjen formene. Me har for eksempel sett i bøker, spelt spel, limt former på ark, studert både skilt, og bygningar i nærheiten av barnehagen.

Processed with MOLDIV

Mars er den siste månaden me har gym dette barnehageåret. No når våren er her håpar me på mykje fint vær slik at me kan ta enda meir turar i nærmiljøet, og ta med nistepakken ut i naturen.

Processed with MOLDIV

  • Personalet skal sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar (Rammeplan:22).

Processed with MOLDIV

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Mars månad på avdeling nede

I byrjinga av mars hadde me fått ein spanande krabat i fella vår i Pilavika. Etter undring saman kom det forslag om at det kunne vera mink eller mus. Det viste seg å vera ein røyskatt. I samlinga snakka me om kvifor me kan fanga røyskatten. Det er eit rovdyr som et fugleegg og smågnagarar. Røyskatten me hadde fanga var kvit og eit av barna visste at dette var vinterpels. Me synte bilde av korleis farge den har på pelsen om sommaren og me undra oss over kva andre dyr som har ulik farge på pelsen avhengig av årstid.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).
  • Personalet skal gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd (Rammeplanen:52).

Torsdag 14.mars var Sjiraffane på Kleppa saman med skulekameratane. Der gjekk dei på ski, grilla og leika saman. Ein kjempe kjekk dag!

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal personalet gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (Rammeplanen:50).

Fredag 22.mars hadde me pysjamasfest i barnehagen. Det er ein fin tradisjon hjå oss der barna har på seg pysjamasen sin og med seg ein kosebamse. Avdeling Oppe kjem ned og saman har me samling der alle får syna fram og fortelja om pysjamasen og bamsen.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at alle barn føler at dei blir sett og anerkjende for den dei er, og synleggjere den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet (Rammeplanen:9).

Me gledar oss over at våren er her. Den siste månaden har me vore på fleire turar i nærmiljøet, og det kjekkaste er når me kan ha med lunsjen ut! På mandag hadde Revane og Sommarfuglane med nysteikte rundstykker og pålegg til leikeplassen på Hjeddl.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen:56).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Temafest

Fredag 15. februar hadde me temafest i Askedalen. Då var begge avdelingane samla til framsyningar knytt til tema frå dei aldersdelte gruppene. Kvart år er barna med på å medverke til kva som skal vera årets tema, og i år valde avdeling Oppe temaet «Eventyr» og avdeling Nede temaet «Kaptein Sabeltann».

  • Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa (Rammeplanen:19).

Arbeidet med tema er knytt opp til dei ulike fagområda, og me nyttar bøker, forteljingar, kunst og handverk, lydbøker, song, film og rollespel. Barna får øve seg på samarbeid, kommunikasjon, problemløysing, kreativitet og å vere del av eit fellesskap.

Processed with MOLDIV
  • I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald (Rammeplanen:21).

Sjiraffane tok utgangspunkt i boka «Pinky blir en av Kaptein Sabeltanns menn» og dramatiserte denne med innleving og humor. Pinky skulle endeleg få reise på skattejakt med Den Sorte Dame som del av Kaptein Sabeltann sitt mannskap. Han er liten og ung, men det viste seg at ein kan likevel vere lurare og smartare enn dei store piratane! Pinky vart etter ei spennande skattejakt heidra som den modigaste og smartaste piraten på skuta! Sjiraffane delte ut gullpeng til alle i publikumet, og festen var i gang!

Revane hadde sjekka litt faktaopplysningar rundt fenomenet Sabeltann. Dei presenterte i tur og orden: Kven var han? Kva handla bøkene hans om? Barna laga kvar sin flotte plakat, med bilete av dei ulike bøkene eit lite resymè frå handlinga i bøkene. Så viste dei fram desse plakatane i tur og orden, medan dei brukte plakatane som manus. Terje Formoe er forfattaren, låtskrivaren og den opprinnelege skodespelaren som skapte Kaptein Sabeltann i 1989 til ei sommarforestilling i Kristiansand Dyrepark. Figuren og historiane har fenga barn i 30 år, og Revane presenterte dei litterære verka hans på ein opplysande og konkret måte. Dei andre aldersgruppene lærde mykje av Revane!

Processed with MOLDIV

Sommarfuglane ville først og fremst byggja ei skuta dei skulle måla på. Med god hjelp frå Edith og Sverre, vart det ei «Kaptein Sabeltann skute» alle gruppene kunne nytta i sine framføringar. I etterkant av temafesten vert skuta aktivt nytta i leiken til barna. Sommarfuglane valde rollane sine sjølve og dikta i fellesskap ei spanande historie der Kaptein Sabeltann møtte alle slags figurar. Mellom anna ei fin prinsesse og ein tiger! Gjengen møtte også på Grusomme Gabriel, men det fine var at alle fekk vere med i skuta uansett! God moral som viser inkluderande haldningar hjå barna.

Processed with MOLDIV

 

Processed with MOLDIV

 

  • Personalet skal bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema (Rammeplanen:20).

Marihønene dramatiserte eventyret om «Bukkene Bruse» og presenterte dette gjennom bilder på storskjerm til dei andre. Etterpå framførte dei song knytt til eventyret.

Processed with MOLDIV

Til lunsj fekk barna «Skattekiste» med grønsaker, kjøtpølser, pastaskruer og tomatsaus. då alle hadde ete seg gode og mette, leika me «Katta i sekken»! då fekk alle barna slå eit slag på sekken, og til slutt fekk me hol på den! Då ramla det ut kvar sin godteripose, og stemninga stod i taket! Barna har jobba mykje med tema vennskap gjennom heile førebuinga, og heile temafesten var prega av deling, samarbeid, ros til kvarandre, vente på tur og lytte/ vere publikum. Takk for ein fin temafest, til alle våre små!

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer (Rammeplanen:48).

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Duggletur til Kjørnes barnehage.

Torsdag 14 februar reiste Sjiraffar på besøk til Kjørnes barnehage. Gjennom regionale fagnettverk har barnehagar vorte kjend på tvers av kommunegrenser og blitt flinkare til å hospitere hjå kvarandre. I Kjørnes jobbar Mette og Kari som var tilsette hjå oss tidlegare. Mette tok imot oss denne gongen saman med 18 barn i alderen 3-5 år.

Som ledd i kommunesamanslåinga, er det og viktig at barna får lære og erfare at vi snart er del av eit større fellesskap, ei historisk hending som dei truleg berre vil oppleve ein gong. Vi kan lære og finne ut mykje saman i samtaler, bøker og på internett,  men denne gongen reiste vi på duggletur.  Gjennom sansane våre opplever vi korleis andre barn har og gjer det i deira barnehagen. Sjiraffane var skjønt einige om at Sogndøle ikkje er så verst og at det er heilt greit med ny storkommune.

I Kjørnes møtte vi opp i ein fantastisk lavvo som uteavdelingar nyttar til måltid, leik, kvile og til å varme seg i. Uteområdet rundt lavvoen er skog og natur, og det gjekk ikkje lenge før ungane byrja leike og fann nye, utfordrande aktivitetar.

Etter fjellklatring, leik i elva, svev i  slenghuskar, «kokkelering og dandering» på serveringsbrett, gjekk vi saman bort til hønsefarmen. Her fekk vi sjå, høyre og ta på hanar og høner, som til og med la egg vi fekk plukke. Hakkekylling fekk ein ny meining for ei av hønene såg ut til å ha vorte hakka på så mykje at ho ikkje hadde att fjør. Mykje spenning og nye, sterke lukter for ungane som ikkje var redde for å krype inn i buret deira.

Så var det mat i den varme lavvoen og der åt vi skive og drakk kakao. Vi delte med våre nye venner, snakka saman og hadde ei stemningsfull oppleving før vi avslutta med kvilestund på skinnfeller og Albert Åberg.

På våren får vi besøk av ungar og vaksne i Kjørnes som vil på duggletur til Njøs og håpar at Pulverheksa er der. Vi takkar for ein flott dag som gjekk så alt for fort.

 

  • Barnas medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlaget for vidare innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Gjennom ut­forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda(Rammeplan 2017:55).

 

 




Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kinodag med nabokommunene.

 

24 Januar arrangerte vi, for tredje gong, felles kinodag for barnehagane i Leikanger, Sogndal og Luster. Omlag 250 barn og 50 vaksne deltok. Barnehagane i regionen har stor fokus på å førebyggjande mobbing, skape gode relasjonar og venskap. Det er mykje god læring i å skape felles opplevingar for andre, kunne bidra til trivsel og invitere til deltaking.

Vi var så heldige å få køyre stor buss som vi delte med ungane i Henjahaugane barnehage. Det er godt å samarbeide med lokalmiljøet og nabokommunar med så mange positive mennesker som ønskjer å hjelpe til.

Filmen Karsten og Petra på skattejakt inneheld mange viktige element i korleis vera ein god ven og korleis ein tek vare på kvarandre. Dei konkluderer med at den viktigaste av alle skattar, er å ha ein god ven.

Før filmen framførde vi to venskapssongar og songen om Kaptein Sabeltann. Utvalet av songar er retta mot temafesten og arbeidet med inkludering. Det var fantastisk å høyre eit kor på 250 barn som stemde i.

Personalet skal ta i bruk varierte arbeidsmåtar, og arbeidsmåtane skal tilpassast til enkeltbarn, barne­ gruppa og lokalmiljøet. Personale skal stimulere barnas undring og evne til å stille spørsmål, søkje opplevingar, ta initiativ og meistre nye ting.

(Rammeplan 2017:43)

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Ein fargerik månad på avdeling oppe!

I januar har avdeling oppe tema om fargar. Me knyttar det opp mot samlingstund, leik og grupper. Ungane har gjennom månaden synt meir interesse for fargane i samtalar med kvarandre og vaksne.

Processed with MOLDIV

  • Personalet skal gi rom for, støtte og styrkje barnas bearbeiding av møte med kunst
    og kultur (Rammeplan:51).

Processed with MOLDIV

 

  • I barnehagen skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna høve til utforsking, fordjuping og progresjon (Rammeplan:50).

 

Processed with MOLDIV

Processed with MOLDIV

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Leik i snøen!

Endeleg kom snøen(!!) og dei to siste dagane har det vore god snø å boltra seg i for barna! I går gjekk me tur i nærområdet for å finna ein lang akebakke, noko både barna og dei vaksne tykte var særs moro! I dag leika me innanfor porten, med aktivitetar som graving, laga snømann og meir aking. Aktiviteten i akebakken la til rette for at barna måtte øve på å ta omsyn til dei andre som skulle skli, både når dei venta på tur og for å unngå å køyra på nokon. Me håpar at snøen held seg slik – LENGE utover vinteren!

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar (Rammeplanen:49). 

Processed with MOLDIV

  • Personalet skal fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik (Rammeplanen:20).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Førjulsaktivitetar på avdelinga nede

Desember er ein månad prega av kjekke aktivitetar knytt til juleførebuing. Tre mandagar på rad har me hatt felles adventssamling med avdeling Oppe. Det er triveleg for store og små med felles aktivitetar. I desse samlingane har me tent lys, lese historie om Pulverheksa og sunge julesongar. Kvar dag  opnar me ei ny luke i adventskalendaren vår. Der ligg det eit hjarte med dagens dato, eit kort med song eller aktivitet og ein julepynt til juletreet. Det blir ekstra fokus på teljing, tal, rekketal og dato.

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på (Rammeplanen:53).

Processed with MOLDIV

Revane og Sjiraffane har øvd mykje på julesongar og hatt to flotte opptredenar. Først på juletrefesten saman med foreldre, så på kommunestyremøtet den 13.desember. Det var same dag som me markerte Lucia-dagen og her fekk me med oss ordføraren i Lucia-toget!

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal personalet motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk[…] (Rammeplanen:51).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal personalet gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunstog kulturuttrykk frå fortid og samtid (Rammeplanen:51).

Nokre torsdagar i haust har Sjiraffane vore på bingo, og siste gongen før jul var dei så heldige å vinna kvar sin sjokoladekalender. Der må dei lytta etter kva tal som blir ropt opp, før dei må finna ut om dei har talet på brettet sitt. Når me er på bingo øver me også på å ta omsyn til dei andre som deltek på bingo, noko som er viktig når me får lov til å koma på besøk og delta saman med dei eldre.

Kvart år har me eit samarbeid med aldersheimen der barna kjem på besøk for å baka peparkaker saman med dei som bur der. I år besøkte me dei to gonger og bakinga var suksess for både store og små. Me hadde med oss to Marihøner på bakinga også.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal personalet leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna (Rammeplanen:50).

Processed with MOLDIV

 

Torsdag 6.desember heldt barneskulen sin tradisjonelle lunsjkonsert i Saften. Heile avdelinga reiste bort for å høyra på flott song frå det flinke storkoret! Her øvde barna seg på å vera publikum, der me lytta til kvar song og klappa etterpå. For anledninga hadde gruppene fått eigne huer til ulike utflukter.

Processed with MOLDIV

 

Kvar jul inviterer Leikanger kyrkje barnehagebarna i heile kommunen til førjulssamling, der me syng julesongar og får presentert juleevangeliet på ein barnevennleg og fin måte.

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til, og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i den kristne kulturarven og andre religionar og livssyn som er representerte i barnehagen (Rammeplanen:55).

Processed with MOLDIV

Etter førjulssamlinga var heile avdelinga invitert til julebord i fjøsen til Sverre. Han hadde pynta og dekka på langbord, og serverte pizza til oss. Me høyrde også nissen som bur på loftet i fjøsen…han skrapa litt i veggen og gav uttrykk for at han ville ha pizza han og.

Processed with MOLDIV

Det var eit fint julebord hjå Sverre! Og me set stor pris på at han laga det så flott til for oss! 🙂

 

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppadagar

7., 8. og 9. november var avdeling nede på Kleppa, der me nytta hytta til jakt- og fiskelaget som utgangspunkt for fine turar i området, utforsking og leik i naturen.

Onsdag 7. november gjekk me tur til den nye dagsturhytta «Orrabu». Me hadde med oss matpakke og varm saft, og det var ein fin tur for store og små. Etter lunsj utforska barna området rundt, der dei mellom anna fann småkryp og spor etter hjort.

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

  • Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen (Rammeplanen:11).

Torsdag 8. november var revegruppa på tur til Rolftreet. Der klatra og leika dei, og treet er ein fin plass for fysisk utfolding. Til lunsj grilla me pølser i grillhytta og etterpå hadde me lesestund. To barn og ein vaksen frå avdeling oppe var saman med oss denne dagen.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (Rammeplanen:50).

Fredag 9. november gjekk me på tur til Høgehaug. Me hadde med mat og varm saft på denne turen også, og ein vaksen og to barn frå avdeling oppe var med. Det var siste dagen til studenten vår og på toppen av Høgehaug fekk alle ungane ei lita avslutningshelsing; eit sjokoladehjarte. Når me kom tilbake til Kleppa fekk studenten ei helsing frå barnehagen, og me hadde ei lita songsamling.

Me hadde nokre fantastiske dagar!

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal personalet leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring (Rammeplan:52).

  • Barnehagen skal i arbeidet sitt inkludere nærmiljø og lokale forhold ved planlegging og gjennomføring av aktivitetar og bidra til at barna får meistringsopplevingar, samtidig som dei har noko å strekkje seg etter (Rammeplanen:43-44).
Posta under Vedtekter | Éin kommentar

Markering av FN-dag

Fredag 26. oktober markerte me den internasjonale FN-dagen i barnehagen. Tradisjon tru lagde me istand basar, med middagsservering, loddsal og kunstutstilling der inntektene gjekk til Barnehjelp Afrika. Barna på avdeling nede har i forbindelse med FN-dagen lært om barnekonvensjonen. Det er ein avtale mellom nesten alle land i verda som handlar om korleis barna på jordkloden vår skal ha det. Me har snakka om at ikkje alle lever under same forhold som me gjer i Noreg og at barna i barnehagane me samlar inn peng til treng mat, klede og reint vatn. Sjiraffane har ekstra ansvarsoppgåver i samband med basaren og var på besøk til lokale bedrifter for å samla inn gevinstar. Dei laga også invitasjonar og plakatar, dei selde inngangsbillettar og lodd.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir oppmuntra til å medverke i eigen kvardag og utviklar tillit til samfunnsdeltaking (Rammeplanen:56).

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal personalet gi barna gryande kjennskap til kor viktige menneskerettane er, særleg barnekonvensjonen (Rammeplanen:57).
  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal personalet sørgje for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen både for dei sjølve og for andre (Rammeplanen:57).

 

Tusen takk til alle som bidrog til ein flott basar! 🙂

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Turar i nærmiljøet.

Ein av mange turar dei minste har gått denne hausten.

Denne gong var dyra i fokus. Dei såg både sau og hest. Opplevingane gjev rom for god samtale og refleksjon og ikkje minst bøker og song om det vi ser når vi kjem tilbake til barnehagen. Ungane vert godt kjend med dyra når dei får møte dei ofte. På vegen var det godt å kunne holde ein venn i handa. Kropp og sjel treng begge erfaringar.

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Førebuing til Fruktbare dagar

Opplev Leikanger har invitert barnehagane til å pynte med eigne kreative formingsprodukt til haustens Fruktbare dagar. Sommarfuglane er godt igang, og nyttar epletrykk som metode. I djup konsentrasjon vert fargar sirleg blanda og påført epla. Å nytte pensel som arbeidsreiskap gir finmotoriske utfordringar, men det likar me!
Processed with MOLDIVRevane har valgt å avansere litt, dei har funne bilete av ein rev (sjølvsagt) og måtte sikte med epletrykket for å treffe der dei skulle. Sjiraffane lagar haustlykt og serviettrykk på kubbelys. Alle barna i sving for å bidra til den lokale haustfesten, me tykkjer det er stas å verte inkludert i det som skjer i bygda!

Processed with MOLDIV

Nærmiljø og samfunn

  • Gjennom utforsking, oppleving og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjera barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjonar (Rammeplanen:55)

Kunst, kultur og kreativitet

  • Opplevingar med kunst og kultur i barnehagen kan leggje grunnlag for tilhøyrsle, deltaking og eige skapande arbeid (Rammeplan:50).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Planting i hagen

Onsdag 20.06.2018 reiste ei gruppe med barn til Åberge Planteskule på Ylvisåker. Der handla dei 8 bærbusker- ei til kvar av Sjiraffane. Ungane fekk plukka ut kva me skulle kjøpa og det vart rips, blåbær, solbær og bringebær.

Processed with MOLDIV

Sjiraffane fekk laga eigen namnelapp til buska der det stod kva plante det er, datoen den vart planta og kven som har planta den.

  • Personalet skal leggje til rette for at barn utforskar, leiker, lærer og sjølve skaper noko gjennom digitale uttrykksformer (Rammeplanen:45).

Processed with MOLDIV

Alle var spente på om bæra vart modne før dei byrja på skulen. Dei var samde om at dei måtte tilbake til barnehagen for å sjå etter dei 🙂

Processed with MOLDIV

  • Å møte individet sitt behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i fellesskapet, er viktige verdiar som skal speglast i barnehagen (Rammeplanen:7).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveka 2018

I veke 24 flytta me heile barnehagen til Kleppa. Der nytta me området rundt og hytta til jakt- og fiskelaget til ulike aktivitetar, utforsking og leik. Både barn og vaksne trivest godt med utebarnehage:) På myra fann me froskar og rompetroll, og i skogen spikka me seljefløyter og trollfigurar. Me laga kongledyr, opna butikk, leika stigespelet og leita etter troll i skogen. Me såg sauer, maur og biller. Så gjekk me turar til Froskedammen, Frækaland, Høgehaug og Rolftreet, og så klatra me i «klatreveggen». Når det regna hoppa me i sølepyttane heile føremiddagen. Me laga god, sunn mat til lunsj og åt mellom anna fiskeburger, suppe og skattekiste med fisk. Frå torsdag til fredag overnatta Sjiraffane i hytta – der laga dei seg nachos til kveldsmat, dei handla godteri i kiosken og såg film. …og så fekk dei besøk av Pulverheksa i år og! 🙂

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på (Rammeplanen:53).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna utforskar og undrar seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål (Rammeplanen:55).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir oppmuntra til å medverke i eigen kvardag og utviklar tillit til samfunnsdeltaking (Rammeplanen:56).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen (Rammeplanen:52).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på (Rammeplanen:52).

Processed with MOLDIV

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får gode friluftslivopplevingar året rundt (Rammeplanen:52)

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen:56).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen (Rammeplanen:52).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne (Rammeplanen:51).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar (Rammeplanen:49).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal personalet gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (Rammeplanen:50).

Processed with MOLDIV

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal personalet gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (Rammeplanen:50).

Processed with MOLDIV

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal gi rom for barnas ulike føresetnader, perspektiv og erfaringar og bidra til at barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølve og tru på eigne evner (Rammeplanen:8).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna utviklar interesse og respekt for kvarandre og forstår verdien av likskapar og ulikskapar i eit fellesskap (Rammeplanen:55).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna utviklar interesse og respekt for kvarandre og forstår verdien av likskapar og ulikskapar i eit fellesskap (Rammeplanen:55).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale (Rammeplanen:48).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til De Heibergske Samlingar

Mandag 4. juni reiste barnehagen til De Heiberske Samlingar på Kaupanger. Denne turen er ein fin og innhaldsrik tradisjon. På museet fekk barna først høyra eventyret om den sjuande far i huset.

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale (Rammeplanen:48).

file

Etter eventyrstunda såg me på dyra og dei gamle husa som er der. Husa på bileta over og under er frå Henjesanden på Leikanger, og barna undra seg over korleis dei hadde fått til å flytta husa heilt inn til Kaupanger. «Kanskje tok bussen med seg dei og!» var eit av forslaga.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar  (Rammeplanen:56).

file1

Dei har mange fine dyr og me fekk helsa på hesten, grisane, sauene, høner og kyr. «Grisane var dei morsomaste dyra, for dei laga snøftelydar» sa ein sjiraff. «Nei alle dyra var like kjekke å sjå for dei var gode vener» sa ein av revane.

file-1

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).

file1-1

Etter lunsj gjekk me tur i Eventyrskogen. Der fekk me helsa på Bukkane Bruse, Oskeladden, små og store troll og mykje anna spennande. «Det kjekkaste i eventyrskogen var å ta ansiktet gjennom trollhovudet, då trudde alle eg var eit troll!» sa ein av Sjiraffane etterpå.

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer (Rammeplanen:48).

file2

Me leika også på leikeplassen, der dei har sandkasse, vippe og sklia. Det er også laftestokkar der og barna bygde seg hus og fjøs til dyra – inspirert av det dei hadde opplevd på museumsvandringa.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49). 

file3

I eventyrskogen fann me informasjon om dyre- og planteliv i skogen. Dette la til rette for gode samtalar der barna fekk undra seg, reflektere og stille spørsmål over det dei opplevde.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen (Rammeplanen:52).

file4

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Små kunstnarspirar

Fredag 18.mai snakka barna på avdelinga oppe om korleis dei hadde feira 17.mai med stor entusiasme. Eit av barna spurde om han kunne måla det han hadde opplevd på eit bilde, noko alle dei andre barna hadde lyst til også. Her vart det mange spanande kunstverk med titlar som «Ei stor geit», «Ein bæ», «Huset til Oma», «Traktor», «Ein bjørn», «Mammaen min» og «Ein rev som går opp trappa».

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra
    til at barna  får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk
    gjennom skapande verksemd ute og inne (Rammeplanen:51).

Det vart mange gode samtalar og det høyrdest ut som fleire hadde hatt innhaldsrike feiringar av grunnlovsdagen, med besøk av revar og bjørnar og geiter som åt opp all isen og traktorar som køyrde for fort:)

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal personalet barnehagen samtale med barna om deira eigne og andre sine kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen:51).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Turar i nærmiljøet

Våren er ei fin tid for turar og utforsking i nærmiljøet. Begge avdelingar har nytta uteområdet på Njøs mykje, til turar både med og utan matpakke. Me har no satt opp fleire naturleiker, mellom anna dumpe, balansebommar, fleire husker og klatretau.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

file

Barna har kome med forslag til kva aktivitetar dei ynskjer å ha og dei har vore med i prosessen med å lage det til. Me har fokus på gjenbruk og har til dømes nytta rekved som me har funne i Pilavika.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på (Rammeplanen:52).

Dei ulike aktivitetane legg opp til at barna kan utfordra seg sjølve etter eige meistringsnivå. Me ser at barna prøver sjølv og hjelper kvarandre.

file4

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar (Rammeplanen:49).

Barnehagen har også gått på tur til andre plassar, mellom anna Aneflaten, Ole Brumm-skogen og Hjeddl. Onsdag 2. mai var avdelingen oppe saman med halve avdelinga nede på tur til ein sauefjøs på Njøs. Der fekk barna inn i fjøset å helsa på lam 🙂

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplan:52).

file3

Etterpå skulle barna gå tur til Edderkopphuset. På vegen vart eit nytt område oppdaga og planane forandra seg. Turen enda i Ulvateigen, eit fint skogsområde over Njøs.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen:56).

På turen var det mange gode samtalar mellom barna, dei undra seg over det dei såg, og insekt og andre skattar som dei fann. file2

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar (Rammeplanen:48).

 

Torsdag 3.mai deltok Revane (naturvaktene våre) og Sommarfuglane på den landsomfattande ryddedugnaden. Me gjekk ein tur til sentrum, opp Riverdalen og ned igjen Gjertrudbakken. Barna er ivrige til å rydde og veit godt kva som ikkje høyrer heime i naturen 🙂

file1

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen (Rammeplanen:52).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Venskapshuske på Njøs

Den siste månaden har begge avdelingane hatt fleire turar til naturleikeplassen vår på Njøs og både ungar og vaksne tykkjer det er kjekt å koma opp der. Me har hatt med lunsj og to onsdagar har me hatt matgruppe der me laga suppe på bål.

7.mars deltok Edith og Camilla på fagnettverkssamling for Natur, miljø og teknologi i Balestrand. Dagen handla om korleis ein kan leggja til rette for utfordrande leik i naturen. Dei fekk tips til korleis ein kan laga naturleikeplass, noko me vil jobba med i tida framover.

I etterkant har dei, saman med barna, laga ei «venskapshuske» på Njøs. Venskap er viktig for vår psykiske helse og huska kan være ein god inngang til fine samtaler og fleirerelasjonar.  Bileta syner og ungar som deltek i prosessen.

  • Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og
    bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal
    fremjast i barnehagen (Rammeplanen:11).

Barna har vore med å rydde og saga ned tre som me kunne bruka. Dei har målt opp lengde på stokkane ved å bruka seg sjølve som «målereiskap» og dei passa på at alt vart gjort etter planen 🙂

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til
    at barna erfarer og samanliknar storleikar i omgivnadene (Rammeplanen: 53).

 

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra
    til at barna lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter
    reiskapar og teknologi kan by på (Rammeplanen:52).

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra
    til at barna får gode friluftslivopplevingar året rundt (Rammeplanen: 52).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Isskulpturar

 

Ungane syns det var veldig kjekt å laga isskulpturar og eksperimentera med vatn. Det var spennande å sjå neste dag om det hadde vore kaldt nok ute om natta til at vatnet hadde fryse til is.

1

Alle som ville fekk laga kvar si ishand; dei tok ein plastikkhanske, dyppa fingrane i den fargen dei ville, og so vrengte dei hansken og fylte vatn oppi.

2

Det hadde heldigvis vore kaldt nok, og det vart mange flotte fargar og mønster.

4

Me fekk og erfara kva som skjer når me tar isen inn; me måtte vera raske med å setta islyktene ut etter å ha tatt dei ut av formene inne, for dei begynte raskt å smelta.

3

  • I arbeidet med fagområdet Kunst, kultur og kreativitet skal personalet stimulere nysgjerrighet, utvide forståinga deira og bidra til undring, undersøkingar, utprøving og eksperimentering (Rammeplanen, 2017:50).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Karneval – Tema: Alf Prøysen

I februar hadde me vår årlege temafest/karneval; som alltid er ein kjempe kjekk dag for store og små 🙂 Me pleier å velga eit felles tema om hausten, som kvar aldersgruppa arbeidar med på ulike måtar fram mot karnevalet. I år har me hatt Alf Prøysen som tema; me har høyrt mange forteljingar og lært oss mange songar som han har dikta.

Det er veldig kjekt å sjå alle aldersgruppene opptre, og sjå korleis dei vaksne har tilpassa temaarbeidet til den aldersgruppa dei har hatt ansvaret for.

  • Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehageinnhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivietar og læring (Rammeplanen, 2017:44).

1. Musevisa

Bestemor gynger på ei stor potet…

Marihønene song Musevisa og dramatiserte Skinnvotten.

  • I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur (Rammeplanen, 2017:48).

    2. Skinnvotten

    Kom inn, sa dyra i skinnvotten.

Det eine dyret etter det andre fekk komma inn i skinnvotten og varma seg 🙂

3. Geitekillingen

Geitekillingen som kunne telle til ti

I forkant av karnevalet har sommarfuglane blitt betre kjend med gardsdyr; dei har blant anna vore på gardsbesøk.

Sommarfuglane dramatiserte Geitekillingen som kunne telle til ti. Heldigvis fekk alle ti dyra plass i skuta til hanen og hunden :-).

  • Gjennom arbeidet med mengd, rom og form skal barnehagen  bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på 

4. Alf Prøysen

Teskeikjerringa, geitekillingen, og Nøtteliten.

Revane presenterte mange av rollefigurane me møter i songar og forteljingar som Alf Prøysen har dikta. Me fekk ôg vita meir om Alf Prøysen og hans liv.

  • Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape  kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen, 2017:50).

5. Prøysen

Teddybjørnens vise og Soltrall.

Revane avslutta med å synga Soltrall.

6. Bakvendtland

Bakvendtland

Sjiraffane valde å synga og dramatisera songen Bakvendtland. Publikum fekk sjå:

  • Elevar som åt loff med sirup i staden for å rekna.
  • Ei jenta som vart satt i skammekroken fordi ho song so fint.
  • Læraren som sat opp-ned på stolen.
  • Tannlegen som plomberte tennene til elevane med sukkertøy.
  • Og eleven som begynte i 7.klasse og  gjekk ut av 1.klasse dum som eit brød.

7. Katta i sekken

Katta i sekken

Etter lunsj fekk ungane slå Katta ut av sekken og sjå Teskeikjerringa på storskjerm.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Aktivitet på småbarnsavdelinga

Denne veka har 2-åringane hatt fleire aktivitetar knytt til fargar. Dei har nytta primærfargane og sett kva som skjer når dei vert blanda.

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra
    til at barna bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk (Rammeplanen: 51).

Gjennom studentarbeidet til Camilla har ungane markert Holi, som er ein hinduistisk vårfest prega av fargar og glede. Dei gjekk til Njøs, måla på isformer og brende bål 🙂

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal personalet  formidle forteljingar og skape rom for barnas opplevingar, samtalar,
    erfaringar og tankar om religion, livssyn, etikk og eksistensielle tema (Rammeplanen: 55).

Det har vore veldig kaldt siste veka og ungane har erfart kva som skjer med vatn som står ute i kuldegrader.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra
    til at barna får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske
    lover (Rammeplanen: 52).

Torsdag gjekk me ein tur i nærområdet der barna fekk øva seg på å gå i trapp, balansere på murkant og hoppa frå høge kantar. Her fekk dei føle glede over å mestre gjennom felles opplevingar. At barna føler mestring er i tråd med statsinga vår på psyksisk helse 🙂

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Bakvendtland av Alf Prøysen

Sjiraffane jobbar i gruppe fram mot temafesten. Dei har valt songen ”Bakvendtland” av Alf Prøysen. I tillegg til replikkar og song skal dei dramatisere humor i versa og dei lagar eigne kostyme og kulissar. Det vert mykje bokstavtrening i førebuinga.

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar                (Rammeplan 2017: 47)

 

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Felles kinodag

Siste veka i Januar arrangerte vi felles kinodag for barnehagane i Leikanger, Sogndal og Luster. Omlag 200 barn og 50 vaksne deltok. Skular og barnehagar i regionen har stor fokus på å fremje god psykisk helse, venskap og førebyggjande mobbing.

Filmen Karsten og Petra på vinterferie belyser mange viktige element i godt venskap og korleis ein tek vare på kvarandre når ting vert vanskelig.

Før filmen song vi fire venskapssongar henta frå Jul i Svingen.

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre (Rammeplan 2017:51)

 

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Skinnvotten:)

Fram mot temafesten 16.februar, kjem vi til å jobbe i aldersdelte grupper. Som åra før gjer vi det slik at kvar gruppe skal framføre noko innanfor valgt tema,  som i år er Alf Prøysen.

Marihønene jobbar med eventyret ”Skinnvotten” og er godt i gang med å lage kulisser.

Dette eventyret handlar om ein gamal mann som mister votten sin ein dag han går i skogen. Ei mus får auge på votten og bestemmer seg for å overnatte i den. Men fleire av skogens dyr er heller ikkje seine om å bruke votten som hus. Og snart samlas det eine dyret etter det andre i den varme votten.

-Produksjon av skinnvotten-

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre (Rammeplan, 2017:51)
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

 

Toneskrinet i barnehagen v / Judith Vestreim   

Toneskrinet eit samarbeid med Sogn Kulturskule og Leikanger kommune.

Folkemusikaren Judith Vestreim frå Kaupanger formidlar vokal folkemusikk. «Toneskrinet» inneheld viktige element som femnar om både lokalhistorie, språk og tradisjonar frå kulturarven.

Ho skal ha til saman seks vitjingar og fordelt i to bolkar. Tre toneskrin før vinterferien og tre etter.
Dei to eldste barnegruppene i alle tre barnehagane deltek og det heile skal munne ut i ein konsert våren 2018

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre   (Rammeplanen, 2017:51).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Eksperiment

Fargar

Sugekrefter i vatn

Ungane var engasjerte og konsentrerte då me gjorde ulike eksperiment ein dag. Det eine eksperimentet var å teikna med tusj på kaffifilter, dyppa det ned i ein kopp med litt vatn i og so sjå kva som skjer med fargane etterkvart som vatnet trekker oppover.

  • I arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal personalet stimulere nysgjerrighet, utvide forståinga deira og bidra til undring, undersøkingar, utprøvingar og eksperimentering (Rammeplanen, 2017:50).

Forskning

Overflatespenning

Me testa òg overflatespenninga til vatn med peppar-eksperimentet, og ved å sjå at me kan fylla vatn over kanten på skåla utan at det renner over kanten.

Då me dryste peppar oppi skåla med vatn fløyt pepparen utover heile vatnoverflata. Men då me tok zalo oppi vart overflatespenninga brutt der zaloen kom, og pepparen som var der sank til bunnen medan resten fløyt vekk frå zaloen.

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna utforsker og undrer seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål (Rammeplanen, 2017).

Me testa om gulrot kunne flyta i ferskvatn, pepparvatn og saltvatn; den fløyt berre i saltvatn.

Teikning

Hemmeleg skrift

Nokre av ungane mala med melk og saft. Me lot det ligga å tørka til me ikkje såg att det dei hadde mala. Etterpå steikte me arka i ovnen ei lita stund, og då vart plutseleg den hemmelege skrifta/teikningen synleg.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover (Rammeplanen, 2017).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Kropp, rørsle, mat og helse

1 Balanse

Hinderløypa

Onsdagar er både avd. Oppe og Nede i gymsalen i Saften. Det er veldig kjekt; innsatsen er på topp både i frileik, regelleik og hinderløypa.

2 kasta

Hinderløypa

I hinderløypa øver dei blant anna på balansering, turning, kasta og ta imot ball, hinking og hoppa med samla bein. Ungane er veldig ivrige, og tar runde etter runde i løypa.

3 Hinka

Hinderløypa

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar motoriske ferdigheier, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar (Rammeplanen, 2017:49).

4 Hauk

Regelleik

Kjekt å avslutta gymøkta med regelleik; Hauk og due er ein populær regelleik der små og store kan vera med.

5 mat

Matprosjekt

To-tre ungar og ein vaksen pleier å vera att i barnehagen for å laga til lunsj; alltid spennande å sjå kva me får til mat når me kjem att frå gym. Dei siste gongane har me i tillegg fått ein historie og fakta om ei av råvarene me får servert; denne historia leser me rundt lunsjbordet.

  • Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur (Rammeplanen, 2017:49).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Besøk til Marine Harvest

Fredag 3. november reiste Maurane og Marihønene på besøk til Marine Harvest. Der fekk me sjå mykje fisk i dei store kara. Det var så mange at me ikkje vart ferdige med å telja dei.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen 2017:55).

Ungane tykte det var spanande å sjå når dei flytta fisken frå eit kar til eit anna. Dei som hadde lyst fekk lov til å halde i fisken. Bedriften Marine harvest tilbyr sjømatprodukter og produserer en fjerdedel av verdens oppdrettslaks. Vi er heldige som har ei avdeling i bygda som gjev oss nærkontakt med fisk og oppdrett.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen 2017:52).

To av fedrene i barnehagen arbeider der, dei tok godt i mot oss og var veldig flinke å fortelja om sitt daglege virke! Takk for at me fekk komma på besøk.

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

FN-basar Barnehjelp Afrika

Fredag hadde me vår tradisjonelle FN-basar i barnehagen til inntekt til Barnehjelp Afrika; Tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein flott dag!

Basar

Ungane har vore med å laga og samla inn gevinstar til basaren, laga plakatar og  pynta. Sjiraffane tok betalt for gryterett, sveler, kaffi og saft og hjalp til med loddsalget.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal personalet sørge for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen for seg sjølv og andre. (Rammeplanen, 2017:57).

kunstKunstutstilling. Alle ungane hadde laga flott kunstverk som foreldra kunne kjøpa for ein valgfri sum.

  • Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstneriske og kulturelle uttrykk.              (Rammeplanen, 2017:50).

Utstilling

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var tippekonkurranse og quiz også i år:)

Foto

Det er i prosessen i eit arbeid læring skjer. Gjennom bilete og tekst fekk foreldre sjå,         og barna syne korleis dei har jobba fram resultata til FN-basaren.

  • Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda.                  (Rammeplanen, 2017:39).

Nede

  • Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosesser. (Rammeplanen, 2017:50).

Oppe

Her har barna nytta fagområdet mengd, rom og form inn i kunsten. Taustigen er laga av rekve dei fann i fjæra.

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksprimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkjer dette på. (Rammeplanen, 2017:50).

Lodd

Store og små kosa seg på basaren.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Duggletur til Njøs Næringsutvikling

Mandag 23.10 var Revane og Sjiraffane på tur til forskningsstasjonen på Njøs for å henta gevinstar til basaren vår komande fredag.

Når me gjekk forbi uteområdet vårt oppdaga me eit tre me ikkje hadde lagt merke til før. Nokon av ungane meinar det kan vera eit banantre og dette skal forskast meir på seinare.

  • Personalet skal inkludere nærmiljø og lokale forhold ved planlegging og gjennomføring av aktivitetar. (Rammeplan 2017:43).

 

På Njøs er det målestasjon som gjer målingar av nedbør, temperatur, luftfuktigheit og vind. Me prøvde laga vind med å blåsa på vindmålaren.

På Njøs Næringsutvikling møtte me Stein Harald Hjeltnes som jobbar som forskar. Han fortalde kva frukter og bær dei har på Njøs og korleis dei jobbar for å utvikla nye sortar. I eit av dei avslutta prosjekta deira laga dei kompostjord, og dette gav oss inspirasjon til å laga eiga kompostjord i barnehagen.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen. (Rammeplan 2017:52).

 

Me fekk lov til å plukke epler fra trea sjølve noko som var spanande. Det var eple i ulike fasongar, med ulike fargar båe inni og utanpå. Det var mange epler som låg på bakken og i det eine kunne ein sjå kven som budde der..

Stein Harald hadde fortalt at dei hadde druer og for å finne desse måtte me leite ettersom ingen av dei vaksne høyrde etter kvar me skulle gå. På leit etter druene fann me mini-kiwi, dei smaka godt! Druene derimot var kjempe sure og ein av ungane sa etter turen: «i dag har eg lært at det går an at druer ikkje smaka noko godt.»

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna […] blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet […]. (Rammeplan 2017:56)

Duggleturen gav undring og gode samtalar.

 

  • Personalet skal gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring. (Rammeplan 2017:52)

Turen vart avslutta med kjekk omvisning i nye huset på Stadheimsgarden.

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Oppstart av gym i Saften.

Felles leik på tvers av avdelingane. Me Bjørnen sover og haien kommer, og dei minste hadde gode opplevingar av oppstarten.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar inne og ute året rundt. (Rammeplan 2017:49).

Felles måltid: Fredag i haustferien leika me saman på avdelinga nede, og me laga felles lunsj. Mykje læring og glede for store og små når me samlast og gjer ting ilag .

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Unge forskarar.

Edith har kjøpt ballong-rakettar til små forskarar. Her vart mange gode samtalar, teoriar og latter. Store og små var like interesserte. Nokre rakettar flaug over taket til barnehagen. Leik i sandkasse: God psykisk helse, samarbeid og utvikling av vennskap

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover. (Rammeplan 2017:52). 

Nye magnetklossar. Dei tel kor mange dei treng, ser på oppskrift i hefte og prøver laga same form og mønster. Dei lagar bil til kvarande, dei lærer av kvarandre og har samtaler og forklaringar om korleis dei tenkjer.

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barne oppdagar og undrar seg over matematiske samanhengar. (Rammeplan 2017:53).

 

TAUSTIGEPROSJEKT. Måndag 16.oktober reiste Revane og Sjiraffane i Pilaviki på leit etter rekved som kan nyttast som trinn i ein taustige. Me fann mange stokkar me ville ta med oss tilbake til barnehagen og saman måtte me verta samde om kva stokk som eigna seg best. Når stokken skulle berast tilbake måtte alle hjelpa til og det var utfordrande å finne riktig tempo og rytme. Dei fekk prøve seg på samarbeid og diskusjonar for å finne løysingar. Me målte stokken ved sida av Edith for å finna riktig lengde til trinna i taustigen. Så målte me kor mange ungar som gjekk på ein stokk.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir oppmuntra til å medverke i eigen kvardag og utviklar tillit til samfunnsdeltaking. Personalet skal sørgje for at barna får erfare at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen både for dei sjølve og for andre(Rammeplan 2017:56).
Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Fleire bilete frå Kleppadagane i september.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, bli kjend med institusjonar og stadar i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt. (Rammeplan 2017:56).

Felles måltid og samvær med sjukeheimen. Froskeopplevingar og sovestund inne i jakthytta. Tur til Rolftreet, leik og produksjon av demning i bekken. Oppleving av flugesopp og bål. Laga barkebåt i bekken som dei prøvde i sølepytt på veg tilbake til hytta.


 

 

 

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

3 Kleppadagar

Blåbær

Blåbær på strå

Forrige veka hadde me tre flotte dagar på Kleppa. Me fekk oppleva hausten på sitt beste; frisk haustluft, skodda som skapte trolsk stemning, sola som varma utover dagen, fine fargar i skogen, blåbær og tyttebær.

natur

Naturopplevingar

Nærkontakt

Nærkontakt med dyr

Me har hatt tre dagar «duggletur»; me har brukt sansane og fantasien i nærkontakt med froskar, edderkoppar, sauer, bær, sopp, søledammar, myr, stein og pinnar.

  • I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barna skal få bruka heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine (Rammeplan 2017:22).

Opplevingar

Samhald

Leik i skog og mark skaper indre ro, aktive og fantasifulle ungar, samhald, gode minner og opplevingar.

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplan 2017:52).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppadager september 2017

Kleppadagar og haustteikn i naturen.

Barna på avdeling Nede skal nyte tre dagar på fjellet. I samarbeid med Leikanger Jakt-og fiskelaget har vi igjen fått base ved jakthytta. Barna vil oppleve turar, endingar i naturen, samspel med dei eldre på sjukeheimen og ikkje minst fri utfolding og leik i skog og mark.

Tur til Høgahaug med matpakke i sekken.

Barnehagen skal sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar (Ny Rammeplan 2017:8)

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Sogn folkemuseum på Kaupanger

Buss

Ventar på bussen

Måndag tok me rutebussen (nokre sat på i bil) til og frå museumet på Kaupanger. Sjiraffane og to vaksne køyrde bil frå museumet til SIMAS; der fekk dei sjå film om gjenvinning og omvisning på bosplassen. Dei kom tilbake til museumet til lunsj.

Eventyr

Eventyrstund

Me som var heile dagen på museumet fekk først høyra eventyret om Prinsessa som ingen kunne målbinde, so fekk me høyra om korleis det var å leva i gamledagar.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjent med lokalhistorie og lokale tradisjonar  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:16).

Hest og kyr

Hest og kyr

Etterpå fekk me helsa på alle gårdsdyra; hest, kyr, høns, gris og sau. Me fekk til og med mata sauene.

Sau og gris

Gris og sau

Høner

Høns

 

Høy

Hoppa i høyet

Mange av ungane syns det var veldig kjekt å hoppa i høyet og ha høykrig 🙂

  • Gjennom arbeidet med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal barna få sanse, oppleve ,leike (…)  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

Ute

Leik

Ungane likte seg godt på leikeplassen på museumet.

  • Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

Leik

Leikeplassen

På slutten av dagen gjekk avd. Nede naturstien i skogen; der var det mykje kjekt å prøva, sjå på og lesa om.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar sin omgrepsforståing og brukar eit variert ordforråd  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

Natursti

Natursti

Me hadde ein super dag på museumet!

God sommarferie 🙂

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka

FRÆKALAND

Tur

Gjekk på tur til Frækaland og skreiv oss i boka.

 

FROSKEDAMMEN

Dammen

Tur til froskedammen.

 

Frosk

Bilde1: Froskefella i myra. Bilde 2-5: Nærkontakt med frosken.

 

Froskedammen

Tur til froskedammen.

 

SMÅKRYP

insekt

Larva, skolopender, vannnymfelarva og snegle.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna opplever og utforskar naturen og naturens mangfald (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:14).

insekter

Studerer småkryp.

 

KLATRING

Klatring

Klatring i fjellveggen er spennande.

LEIK

leik (2)

1: Tel steinar 2: Lagar smoothie 3: Bil 4: Kjempe stor blyant 5: Kunst

  • Leiken skal vera ein arena for barns utvikling, læring, sosiale og språklege samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik; ute og inne (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

leik (3)

Rolleleik

 

leik (4)

Leik i myra.

 

båt

Bilde1: 4 gutar har laga ein stor barnehagebåt Bilde 2: Fann Knerten!

 

leika (2)

Balansering og leik i myra.

 

leika

Leik

  • Barnehagen skal støtte barna i å forholde seg prøvande og nysgjerrige til omverden og bidra til at dei kan delta aktivt i ulike fellesskap (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

sjå

Utforsking

EVENTYRSTUND

les

Teikning etter frukost, og mange koselege eventyrstunder i grillhytta.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

HØGEHAUG

Tu

Mykje spennande å sjå på og utforska på veg til Høgehaug.

Tur (2)

På veg til Høgehaug.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

T

Kjekt å gå på tur i skogen og samla kongler.

mat

Smakte godt med nista på tur.

leik

Alle små og store i barnehagen gjekk på tur til Høgehaug saman 🙂

 

4 STASJONAR

stasjoner

1. Finn rett antall av gjenstandane. 2. Bjørnen sover 3. Spring til rett bilete/tal/bokstav. 4. Natursti med Torbjørn Egner tema.

  • Gjennom arbeidet med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna danner seg matematiske omgrep og vidareutviklar måter å uttrykke innhaldet i og omfanget av desse (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:15).

tal

1. Finn rett antall av gjenstandane og lag noko av tinga.

 

OVERNATTING FOR SJIRAFFANE

sova

1. Fotball 2. Nachos til kvelds 3. Kiosk 4. Såg Knerten 5. Sprang ute i pysjen    6. Alle 8 samla til frukost

 

heksa

Me las ei historie om Pulverheksa før kvelds, og etterpå såg me faktisk Pulverheksa ute på Kleppa! Ho la frå seg ei gåva til oss 🙂

 

EI FLOTT KLEPPAVEKA!

gjengen

Ein fornøgd gjeng 🙂 

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedag i Pilavika

Mat

Matlaging

Sjiraffane hjalp til å kutta opp grønsaker før me gjekk til Pilavika. Det smakte veldig godt med skattekista med laks, broccoli, blomkål, gulrøtter, smør, krydder og sitron laga på bål.

Pilavika

Leik

Skulekameratane hadde sitt siste treff denna dagen i Pilavika før dei byrjar på skulen. Dei hadde det veldig kjekt med å laga bruer og båtar som dei leika med.

Vatn

Vassing

Badetemperaturen vart og testa 😉

Fisk

Fisking

Alle skulekameratane fekk prøva å fiska frå brygga med god hjelp av Jakt-og fiskelaget. Alle sjiraffane fekk faktisk fisk!

Fisking

Samarbeid med Jakt- og fiskelaget

 

hotell

Stolte over fangsten sin 🙂 

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap og blir kjent med institusjonar og plassar i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdes trygt (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:16).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Leik

bok

Pusslespel og lesestund

musikk

Instrumenter

Ein gut fann kassen med instrumenter og so satte me den tilgjengelig for alle; det vart eit flott orkester ute på terrassen.

  • Barnehagen skal vere bevisst på barnas ulike uttrykksformer og tilrettelegge for medverknad på måtar som er tilpassa barnas alder, erfaringar, individuelle føresetnadar og behov (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6).

 

Ute

Uteleik

  • Barnehagen skal inspirere og gi rom for ulike typer leik; både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik; åleine og saman med andre (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

hopp

Inneleik

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skulekameratane

skule

Førskulegruppa

Sjiraffane har arbeida med å laga ein plakat om seg sjølv; dei har skrive, teikna, klypt og limt, finne adressa si og fødselsdatoen sin.

  • Dei eldste barna skal få mulighet til å gleda seg til å begynna på skulen og oppleva at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal legge til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og motivasjon for å begynna på skulen (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:20).

3

Tur frå Norane ungdomshus.

Forrige torsdag møttes skulekameratane ved Norane ungdomshus for å gå tur saman; veldig kjekt å treffa att skulekameratane frå Nybø og Henjahaugane barnehage.

1

Såg både fjorden og eit liten vatn på turen.

Ungane kosa seg på tur; skravla gjekk og det var mykje spennande å sjå og samla på.

2

Stein, kongle, markjordbær og snegel.

«Det er nett som å vera på eit museum.» sa ei jenta då me gjekk i skogen.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna opplever og utforskar naturen og naturens mangfald, og får gode opplevingar med friluftsliv året rundt (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:14). 

4

Leika i skogen.

Då me kom til ein postkasse med ei trimbok oppi fann me ut at der ville me stoppa. Det var ein fin plass å eta lunsj og leika i skogen etterpå. Alle skreiv namnet sitt i boka før me gjekk tilbake.

5

Vannløpere

Det var spennande å sjå på alle vannløparane som sprang oppå det lille vatnet inni skogen.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Mink

1

Sjekkar minkfella i Pilavika.

Me har hatt fleire turar til Pilavika og båthavna for å sjekka minkefellene i det siste; alltid like spente på om det er noko i fellene.

2

Sjekkar minkfella i båthavna.

  • I arbeidet med natur, miljø og teknologi skal personalet legge til rette for mangfoldige narturopplevingar og bruka  naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:14).

3

Endeleg kom det ein mink i fella!

Veldig stas då det ein dag faktisk var komt ein mink i fella!

4

Samling med temaet mink.

Bjarne fortalde om mink, kva den eter og kvifor ein jaktar på mink.

5

Minkpels

Alle som ville fekk halda minkpelsen; dei syns den var veldig mjuk.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Vårtegn

vår

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Utedag på Njøs

1

Flinke ungar som delte opp alle pølsene til lapskausen.

2

Nokre av ungane syns det var spennande å få vera med å laga bål og lapskaus, og sjølvsagt må ein ta ein smaksprøve og to 😉

  • Måltider og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikla matglede og sunne helsevanar (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6).

3

Små og store leika saman.

4

Traktorkøyring, sklia, fotball, spikking.

5

Lapskaus laga på bål smakte veldig godt!

6

Regelleiken Tredjemann i vinden er kjekt å leika.

  • Barnehagen skal vera ein arena for daglig fysisk aktivitet og fremme barnas rørsleglede og motoriske kompetanse (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Påskekrim del 4

1

Eg såg postkassen var open i dag då eg kom i barnehagen; kanskje Tyven har lagt boksen der.

Før morgonsamlinga i dag stod ei jenta og ein gut og såg ut vindauget etter Pulverheksa; kanskje ho hadde finne ein namnelapp til oss i dag òg.. Plutseleg såg me Tyven frå Pulverskogen springa utanfor glashuset i barnehagen! Han hadde ein boks i hendene; Mette prøvde å springa etter han, men fekk ikkje tak i han.

sms

Ein gut sa: Mette, du må ringa pappan din! Han er jo politi! Eg prøvde å ringa pappan min, men då var han i eit møte.

2

V fann ein namnelapp og ein konvolutt i postkassen vår i dag; oppi konvolutten var den andre halvdelen av kartet som me fann i Pilavika tysdag, og det var eit raudt kryss på det! Det mangla fortsatt ein liten bit av kartet; det stod eit ord, men nokre bokstavar mangla. Det var òg eit bilete oppi konvolutten.

E: Det er der me gjekk å plukka bos! Kanskje Tyven har gått opp på Njøs og gøymt boksen der.

politi

Bilete frå då  Sjiraffane besøkte politiet i Sogndal i haust.

So prøvde eg å ringa pappan min på facetime litt seinare i morgonsamlinga; då var han ferdig i møte og svarte. Ungane fekk snakka med han, og forklarte at det hadde vore ein tyv her i barnehagen som hadde tatt boksen vår med namnelappane. Dei sa dei hadde sett han i dag, og at dei trudde han hadde springe opp på Njøs. Ungane lurte på kva dei skulle gjera og om han kunne senda ein politibil til Njøs. Han sa at viss dei traff Tyven måtte dei sei at han må vera snill og ikkje stele. Han skulle senda ein politibil til Njøs og prøva finna Tyven.

3

Ungane ville følgja kartet og sjekka om boksen var på Njøs; so etter felles songsamling gjekk me til Njøs. Der fann me gensaren til Tyven, og so hang det ein lapp på veggen. På lappen stod det at han måtte ein tur i fengsel; Då har politiet vore her!

4

Ved bålplassen vår fann me boksen vår med namnelappane og eit påskeegg. Ungane var kjempe glad for begge deler 🙂 Det var tydeleg at Tyven angra på at han hadde stelt frå oss; me fekk eit stort påskeegg med godteri og det stod unnskyld på det.

6

Etter me hadde ete påsmurte rundstykker til lunsj delte ordensbarnet ut ein krokodille til alle ungane.

Pulverheksa_Heksa-politi-tyv_web

Politimannen, Pulverheksa og Tyven.

Det har vore ei spennande veka i barnehagen for små og store; det var ingen som visste på førehand korleis påskekrimmen kom til å enda. Me har følgd ungane sine innspel og bygd vidare på deira fantasi.

  • Barnehagen skal vere bevisst på barnas ulike uttrykksformer og tilrettelegge for medverknad på måter som er tilpassa barnas alder, erfaringar, individuelle føresetnadar og behov (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Påskekrim del 3

3

Torsdag hadde me påskefrukost for ungane, foreldra og søsken i barnehagen, og jammen hadde det vore ein hemmeleg frukostgjest her før barnehagen opna! Ungane trur det var Pulverheksa; dei trur ho hjelper oss å finna att boksen med namnelappane for ho er snill.

I: Pulverheksa har ete på Lillian sitt kontor.

No har ungane utelukka dei me hadde som mistenkte på tavla vår; dei trur det er Tyven frå Pulverskogen!

E: Fordi han er ein tyv.

H: Han stjeler.

Det hadde skjedd noko anna mystisk i barnehagen i dag; melka var blitt til sjokomelk 🙂

T: Pulverheksa har trylla.

M: Melka vart til sjokomelk, det lukta sjokolade.

S: Kua har ete sjokolade, og so sprutte ho ut sjokomelk.

V: Kua har tryllestav.

E: Pulverheksa har tatt sjokopulver oppi melka og rista.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Påskekrim del 2

I går såg me faktisk Pulverheksa utanfor barnehagen!

IMG_0081.JPG

I morgonsamlinga fann me ein namnelapp oppi boksen med grønsakene til samlinga, men boksen med namnelappane er fortsatt forsvunne.

Dette sa ungane om mysteriet:
• Pulverheksa hadde ein raud lapp i handa.
• Ho har putta S sin lapp oppi boksen med grønsaker.
• Kanskje pulverheksa har teke boksen frå huset til minken!
• Eg trur minken og pulverheksa samarbeidar. Dei er vener. Minken passar boksen, og pulverheksa legg lappane rundt omkring.
• Vi må finne huset til Minken!
• Vi har sett ei hole! I Nybøstrondi. Kanskje Minken bur der, og at boksen vår er der.
• Kanskje Pulverheksa må lese på navnelappane sånn at ho ikkje gløymer kva vi heiter.
• Kanskje S jobbar i lag med påskeharen, pulverheksa, Camilla og minken!
• Heksa som står på hylla er ein spion!

Posta under Adeling Nede | Éin kommentar

Påskekrim del 1

I går las me forteljinga Pulverheksas påskekrim i morgonsamlinga, song nokre vår- og påskesongar og snakka om påsken.

  • Gjennom arbeidet med språk, tekst og kommunikasjon skal personalet bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

1

I dag hadde det skjedd noko mystisk i barnehagen; då me skulle trekka ordensbarn i morgonsamlinga såg me at boksen med namnelappane var vekke! Me fann i staden ei heks med eit brev til oss. Gårsdagens ordensbarn fann ein namnelapp i leiketårnet, men boksen og resten av lappane er sporløst forsvunne…

2

I brevet stod det at me burde sjekka minkfellene for å sjå at alt var i orden der sidan det hadde skjedd eit mysterium i barnehagen i dag. Me gjekk til båthavna først; der var alt i orden med fella. Etterpå gjekk me til Pilavika; der var alt i orden òg.

3

Men me fann mange spor og bevis i Pilavika! Det var tydeleg at tyven hadde vore der; me fann ein leikekasse med nokre leiker frå bhg, eit knekkebrød, ei gulrot og eit eple. Ein gut fann eit halvt skattekart og ei jenta fann ein bit frå ei øydelagd sykkellykt; me trur det er viktige spor i saken.

  • Personalet skal bygge på kreativitet og leik og vera opne for improvisasjon og barns medveknad  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:10).

4

Etter lunsj hadde me samling; me song vår- og påskesongar og so filosoferte me over spora/bevisa me har funne i dag og over kven dei mistenkte er og kvifor. Foreløpig har me fem mistenkte på tavla vår.

  • Gjennom å samtale om og undre seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål skal barn få anledning til sjølv å formulere spørsmål, lytte til andre, reflektere og finne svar  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:16).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Eksperiment

rod

Eddik, salmiakk, natron, rødbet og sitron.

Sjiraffane gjorde eit eksperiment som heiter fargetrylleri ein dag. Først gjekk me på butikken og handla eddik, salmiakk, sitronsaft og rødbeter. Me skulle eigentleg ha rødkål, men det fann me ikkje.

eksp

Fargeeksperiment

Fagestoffet som er i rødbeter skifter farge med surhetsgrad, men gir berre to ulike fargar i motsetning til fargestoffet i rødkål som gir fleire fargenyansar. Rødbetevatnet som me tilsatte salmiakk i var gult og det me tilsatte sitronsaft i vart rosa.

vulkan

Vulkan

Etterpå tilsatte me natron i vatnet med eddik og laga vulkan; det syns ungane var veldig kult :-).

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna utforskar og undrer seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:16).

 

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Litt frå februar

bok

Biblioteket

Marihønene og Sommarfuglane gjekk på tur til biblioteket og syns det var veldig kjekt med so mange bøker dei kunne kikka i. Etterpå åt dei nista si.

  • I arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst må personalet bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

gjorma

Njøs

  • Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typer leik; ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik; åleine og saman med andre (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

ifa

Innsats for andre

7 elevar frå ungdomsskulen som har vald valfaget ”Innsats for andre” er i barnehagen nokre onsdagar etter lunsj. Første dagen var dei her i barnehagen og leika ute med ungane, ein anna onsdag var dei i bhg å spelte spel og laga lappar saman med ungane. Og so har me hatt ekstra tid i ”Saften” nokre onsdagar slik at ungdomsskuleelevane har hatt hinderløypa med nokre ungar.

skjerm

Henjahaugane

Me leika songleik, samarbeidsleik og regelleik på skulekamerattreffet i Henjahaugane. Etterpå grilla med pølser på bålet og hadde frileik før me gjekk ned att til Askedalen bhg.

polser

Skulekamerattreff

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Fastelavn

 

dans

Full fart på dansegolvet.

Fredag før fastelavn hadde me først fellessamling der me song vår- og påskesongar, og snakka litt om fastelavn. Etterpå hadde me diskotek nede for alle ungane i barnehagen; veldig kjekt å sjå kor kjekt dei har det saman 🙂

disco

Små og store dansar saman.

Dei minste ungane likte veldig godt å dansa til kjente barnesangar som Alle barna klapper, Hode, skulder,kne og tå og Er du veldig glad og vet det. Dei største ungane likar godt å dansa til Markus og Martinus, The fox og Gnam gnam style.

boller

Fastelavnbollar

Til lunsj kosa me oss med nysteikte rundstykker og kjempe gode fastelavnsboller med jordbærsyltetøy og krem på.

  • Barnehagen skal la barna få kjennskap til foteljingar, tradisjonar,verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn og erfaringar med at kulturelle uttrykk har eigenverdi (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:15).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Karneval: Torbjørn Egner

Endeleg var dagen for temafesten/karnevalet i Askedalen barnehage komt; små og store var spente og gleda seg til å sjå kva dei aldersdelte gruppene hadde øvd på og skulle framføra på den flotte scena vår.

oppe

Maurane og marihønene Oppe

Maurane og marihønene frå avd. Oppe hadde kledd seg ut som ulike dyr og framførte songane Gåtevise og Hva sier den kua som går i enga?

dyra

Marihønene Nede og Sommarfuglane

Marihønene Nede og Sommarfuglane song og dramatiserte Dyrene i Afrika.

  • Barnehagane skal legga til rette for samhøyrigheit og kreativitet ved å bidra til at barna får vera saman om å oppleva, og å skapa kunstneriske og kulturelle uttrykk (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

 

publikum

Publikum

 

revar

Revane

Revane hadde kledd seg ut som ulike kjente figurar frå Torbjørn Egner songar og forteljingar. Dei hadde øvd inn ein flott presentasjon av Torbjørn Egner.

  • Alle barn skal oppleva progresjon i barnehagens innhald, og barnehagen skal legga til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leike-, aktivitets- og læringsmoglegheiter (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:11).

 

egner

Etter at sjiraffane hadde framført Hakkebakkeskogen,framførte nokre av dei vaksne eit eventyr med songar om Askedalen barnehage 🙂

mat

Fiskegrateng

Til lunsj kosa me oss med fiskegrateng og grønsaker.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Leik og medverknad

leika

Uteleik

  • Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast.
  • Leiken skal vera ein arena for barnas utvikling, læring, sosiale og språklege samhandling (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

ute

Uteleik

ape

Maling

Fredag var det ei jenta som spurde om ho kunne få mala; me fann fram maling i ulike fargar, ark og dyreteikningar og det kom fleire og fleire ungar som òg ville mala 🙂

  • Alle barn skal erfara å få innverknad på det som skjer i barnehagen (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6).

lova

Maling av Dyrene i Afrika

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Gym, mat og kunst

gym

Skulekamerattreff i Saften.

Torsdag møttes skulekameratane i Saften og hadde gym saman. Først hadde dei litt frileik medan me vaksne laga til ei hinderløypa. Me song namnesang før me delte oss i to grupper. Den eine gruppa starta med hinderløypa, medan den andre starta med regelleik. Me hadde stafett, samarbeidsleik og ein leik der dei skulle springa til talet 12 når eg ropte det, bokstaven R når eg ropte det osv.

  • Barnehagen skal legge til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og motivasjon for å byrje på skulen  (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:20).

wok

Laga wok på bålpanna.

Fredag hadde me utedag i barnehagen. Sjiraffane kutta opp grønsaker, medan dei andre ungane leika og følgde med på monteringa av bålpanna og bållaginga. Me laga kyllingwok med mange ulike grønsaker; alle ungane åt og det smakte kjempegodt!

  • Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å eta sunn mat (…) (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

male

Maler flotte kunstverk.

Måndag var nokre av ungane frå avd.Oppe nede å leika og mala flotte kunstverk. Dei brukte primærfargane gul, raud og blå som dei blanda til flotte fargar.

  • I barnehagen skal  barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måter som gir barna anledning til utforsking, fordjuping og progresjon (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

teikning

Hakkebakkeskogen

Tysdag teikna sjiraffane flotte teikningar av dyra frå Hakkebakkeskogen. Dei teikna først med gråblyant, og so fargela dei etterpå med oljepastellstiftar.

bjorn

Bjørnefar, Bjørnemor, Klatremus og Brumlemann.

rev

Reven, Klatremus og Bestemor Skogmus.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

UDIR barnehagemagasinet 2017

I årets barnehagemagasin frå Utdanningsdirektoratet kan du blant anna lesa ein reportasje som beskriver godt korleis me jobbar med fagleg utvikling gjennom regionale nettverk i Sogn.

udir

http://magasinet.udir.no/barnehage/det-kollektive-lyftet/

Lenger nede i magasinet er Askedalen barnehage òg med i ein reportasje om barnehagar sine uteområder utanfor porten.

http://magasinet.udir.no/barnehage/ut-pa-tur/

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kulturhuset

buss-2

Buss til Sogndal

Det var ein spent gjeng som tok buss til Sogndal torsdag! Askedalen barnehage har Torbjørn Egner som tema i år, og då passa det utruleg bra at «Hakkebakkeskogen» kom som film i år.  Askedalen bhg og Sogndal kino inviterte alle barnehagane i Leikanger, Sogndal og Luster kommune til ein eigen framsyning av filmen «Hakkebakkeskogen» og julespelet vårt «Familien Juleglad».

kino-2

På scena i kulturhuset

Dei to eldste gruppene, revane og sjiraffane, i bhg vår har øvd mykje på eit julespel basert på nokre av Torbjørn Egner sine kjente karakterar. Dei framførte «Familien Juleglad» for foreldre og søsken på juletrefesten og deretter på sjukeheimen før jul. Og torsdag stod dei på den store scena i storesalen i Sogndal kulturhus og framførte julespelet for ca.250 barn og vaksne!

mms_img907414926-2

«Familien Juleglad»

Ein utruleg modig og flink gjeng med revar og sjiraffar stod på scena, sa replikkane sine i mikrofon og song høgt og fint:-)

  • Opplevingar med kunst og kultur i barnehagen  kan legge grunnlag for tilhøyrigheit , deltaking og eige skapande arbeid. I barnehagen skal  barna  få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna anledning til utforsking, fordjuping og progresjon (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

imag0262

«Hakkebakkeskogen»

Etterpå kunne revane og sjiraffane setta seg saman med sommarfuglane og marihønene, eta pizzabollar og kosa seg med kinofilmen «Hakkebakkeskogen». Filmen var veldig bra og ungane var heilt med; dei lo, klappa og skvatt 🙂

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Foreldrehverdag.no

Nytt tilbud til alle foreldre  

Nå lanserer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nettstedet foreldrehverdag.no der foreldre kan finne faglig kvalitetssikret informasjon om hvordan de kan forstå barnet sitt bedre. Målet er å gi foreldre inspirasjon, tro på egen omsorgsevne og bidra til å styrke samspillet i hverdagen. Nettstedet tar utgangspunkt i det anerkjente veiledningsprogrammet ICDP (International Child Development Program) og er utviklet i samarbeid med fagfolk.

Foreldrehverdag.no bygger på kunnskap om barns utvikling og viser hvordan foreldre kan støtte barnet i denne. Nettsiden inneholder artikler, filmer og enkle oppgaver. Oppgavene skaper refleksjon og kan hjelpe leseren å omsette kunnskapen til egen foreldrehverdag. Artiklene handler om alt fra grensesetting, ros og anerkjennelse til søskenkrangel, trass og ungdomstid.

17929825668_ffb82b4299_z

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Gym

gym

Små og store likar seg på gym i Saften onsdagar. Dei klatrar, hoppar, springer, sparkar og kastar ball, leikar med rokkeringar, slenger seg i taua og leikar.

  • Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får vera i rørsle, leik og sosial samhandling og opplever motivasjon og meistring ut ifrå eigen føresetnadar (Høringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

gym2

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Snø :-)

njos

Njøs

Veldig kjekt med snø!

ski

I barnehagen

Nokre ungar har hatt med seg ski; dei har fått prøvd seg i ulendt terreng og på utfordrande føre 🙂

aka

Turdag

Me har aka mykje i barnehagen, på Njøs og på tur i Askedalen.

aking

Turdag

  • I arbeidet med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal personalet gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljøer, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (Høringsutkast ny Rammeplan 2017:13).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget