-
Åpningstid:
Mandag-fredag:
07.30-16.30 -
Kontaktinformasjon:
-
E-post:
-
post@askedalenbarnehage.no
-
Telefon: 57654412/13
-
Adresse:
-
Askedalen barnehage Askedalen 1
-
6863 Leikanger
Category Archives: Vedtekter
Hausten på avdeling Nede
Hausten har gått i ein rasande fart, og plutseleg er det snart vinter! Her kjem ei lita oppsummering av nokre aktivitetar barna på avdeling Nede har vore med på denne hausten 🙂 Njøs På uteområdet på Njøs er det berre … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Sommar på avdeling Nede
Det går mot sommarferie, vêret har synt seg frå si beste side og me har hatt flotte dager i barnehagen. Me har vore mykje i Pilaviki, på Nokkaneset og på Njøs. Ein dag ynskte barna å gå til Aneflaten for … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Vårstemning på avdeling Oppe:) Om våren er me mykje ute og går turar og ser etter vårteikn. Me har sett på alle blomane, graset, fuglane og insekta som dukkar opp. Det me likar aller best er å sjå på alle … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tur til brannstasjonen
Onsdag 24.februar var avdeling Oppe ute på tur i regnet. Til alle si store glede var det sølepyttar over alt, både store og små, og me hoppa i alle me kunne finna på vegen! Det var så kjekt at me … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Temafest i Askedalen
Fredag 19. februar hadde me temafest i barnehagen. På avdelinga nede har me jobba med Thorbjørn Egner sine bøker «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» og «Karius og Baktus». Revane og Sjiraffane hadde sjølv laga eit skodespel basert på … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Frå vinter til vår
Etter ein lang og fin kuldeperiode slo våren til for fullt denne veka, noko som gir rom for duggling saman med barna. Avdelinga nede har nytta dei kalde vinterdagane til ulike turar, skigåing, aking og bålbrenning. Uteområdet på Njøs har … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Vinteraktivitet i Askedalen
Både barna og dei vaksne er godt nøgde med starten på det nye året. ENDELEG kom det litt snø heilt ned til fjorden, så me kunne sigla på rompebrett og gå på ski. På dei kaldaste dagane har me kombinert … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Sommarfuglane på «reinesafari»
Tysdag 1.desember var Sommarfuglane på «reinesafari», ein tur som inneheld meir enn ein kan førestilla seg! Det var ikkje planen at turen skulle gå rett opp ei reine framme i Riverdalen, men etter ynskje frå to av barna (og løyve … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kropp, rørsle, mat og helse – eit fagområde med mykje innhald.
På avdeling Oppe jobbar me mellom anna med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse. Me er mykje i aktivitet og ofte ute på tur. Då brukar med kroppen vår på mange ulike måtar. Me går på flat veg, i ulendt … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Hakkebakkeskogen på Njøs
Denne hausten har Sjiraffane og Revane lese historia om «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen». Ein ettermiddag, då me skulle gå tilbake til barnehagen, var det fire gutar som kom på den geniale ideen; «me kan jo laga Hakkebakkeskogen … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveke for avdeling Nede
I veke 41 tok avdeling Nede «haustferien» på Kleppa. Me fekk låna hytta til jakt- og fiskelaget, noko me er særs takksame for! Veka starta med ein fellestur til Høgehaug, og denne gongen gjekk me ein annan veg opp enn … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Nærmiljø og haust på avdeling Oppe:)
På småbarnsavdeling Oppe har me jobba med tema haust. Me har mala, plukka blad og laga bladkunst. Eple, pære og plomme smakar godt:) Me er mykje på tur i nærområdet. Alltid kjekt å reise ned til fjorden og utforske fjæra. Vatn … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Jakt- og fiskedagar for Sjiraffane
Onsdag 16. september og torsdag 17. september var det jakt- og fiskedager for Sjiraffane. Då fekk barna vera med å setje og trekke garn i fjorden, i regi av Leikanger jakt- og fiskelag. Me var så heldige at me fekk … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Hakkebakkeskogen på Njøs
På avdeling Nede har me komme godt i gang med temaarbeidet vårt, som i år er knytt til forfattaren Thorbjørn Egner. Etter ynskje frå ungane har Sjiraffane og Revane valt «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» som utgangspunkt til … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Aktivitetar på avdeling Nede dei siste vekene
I veke 23 byrja barnehagen med full opningstid att og uteavdelingane vart delvis avvikla. Tysdag 2. juni møtte heile avdelinga opp i barnehagen, -gleda var stor av å vera samla att. Sjølv om avdelinga stort sett har vore delt i … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Utebarnehage, veke 21
Denne veka var Sjiraffane på Kleppa, og dei har gått tur kvar dag! Dei har gått til Lauparfjell, Høgehaug og Orrabu. Dei tykkjer det er veldig kjekt med «toppturar» for tida, og er begeistra for utsikt! Sjiraffane har prøvd ut … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Marihønene sine opplevingar, veke 21
Marihønene tykkjer det er veldig kjekt å sjå på dyra som held til i nærområdet til barnehagen. Dei har gått same turen fleire gongar i det siste, etter ynskje frå barna. Kvar gong er det noko nytt spanande, og denne … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Utebarnehage, veke 20
Både på Kleppa og på Njøs har veka vore innhaldsrik. Me har førebudd og hatt 17.markering, og delar av dette er filma og vil bli synt i bygda si digitale 17.mai feiring. På mandag laga Revane skjold og sverd, som … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Marihønene utforskar nærmiljøet
Gjennom ut forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Utebarnehage, veke 19
Denne veka kom Sjiraffane til Njøs, og Revane flytta opp til Kleppa. Revane tykte det var ekstra stas å sjå snøen att – og den har dei oppsøkt fleire gonger i løpet av veka! På tysdag gjekk dei tur til … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Utebarnehage, veke 18
Då har avdeling Nede hatt ei ny, fin veke med utebarnehage. Sjiraffane har hatt ei kjekk veke på Kleppa, med mellom anna grilling, språkløype, matematikkleik og tur til Frækaland! Dei har lese mykje om «Tor med hammaren» og andre æsar … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Uteavdelingar
Avdeling Nede har i desse dagar organisert seg på uteavdelingar på Kleppa og Njøs. Me har vore så heldige at Jakt- og fiskelaget har lånt oss hytte og lavvoar, noko som har bidrege til at uteavdelingane fungerer godt. Gjensynsgleda var stor … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Skulekamerattreff og Revetur til Eggja
Torsdag 5.mars hadde skulekameratane treff på Kleppa. Der hadde dei felles samling med namnesong, dei leika i snøen, gjekk på ski, sklei på rompebrett og laga snøholer. Dei hadde med seg varm drikke på termos, og til lunsj grilla me … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Arbeid med tal og fargar
No i januar hadde me på avdelinga oppe temaet fargar, februar var da tal og me har no i mars starta på temaet formar. Ungane har vist interesse for tema og har jobba iherdig med opplegga me har gjeve dei. … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Temafest, markering av samefolkets dag og tur til Ylvisåker
Fredag 14. februar hadde me temafest i barnehagen. Her hadde dei aldersdelte gruppene ulike framføringar, valgt ut i frå barna sine ynskjer. Marihønene og Sommarfuglane samarbeida med avdeling oppe og framførde «Baby shark»- dansen og song «Hokus og Pokus». Revane … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Gym i januar
Då vintervéret i januar ikkje har vore det beste, er me ekstra glade for gymtimen vår onsdagar. Her får me utfalda oss på bygda sitt største golv, med springing, klatring, hopping, balleik, rockeringar, dansing og regelleikar. Avdelingane samarbeider godt om … Les meir
Posta under Vedtekter
Éin kommentar
Førjulstida i Askedalen
Godt nytt år til alle! I desember hadde me mange kjekke aktivitetar i barnehagen. Gjennom samarbeid med kyrkja deltok to grupper på sansevandring og julevandring, i tillegg til ei felles adventssamling saman med dei andre barnehagane. Ungane tykte det var … Les meir
Posta under Vedtekter
Éin kommentar
Avd. oppe november 2019
I november har dei små oppe hatt fokus på fagområdet, kropp, rørsle, mat og helse. Gjennom arbeid med fagområdet skal barna få sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt (Rammeplan:49).
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tur til Nepperthaug
Ein onsdag då Saften var oppteken reiste avdeling Nede på tur til Nepperthaug som eit alternativ til gym. På denne turen fekk barna utfalde og utfordre sine motoriske ferdigheiter med til dømes klatring, «motbakkeløp», balansering og å gå i bratt … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Naturvaktene på oppdrag!
Tysdag 5.november fekk Revane, som er barnehagen sine naturvakter, eit oppdrag frå Ugla. Ho hadde sett at barna i Askedalen hadde vore arbeidssame og flinke til å samarbeida med å samla saman mykje lauv i plastsekker. Desse plastsekkane skulle opp … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
FN-markering
Torsdag 24. oktober markerte me, tradisjon tru, FN-dagen med basar her i barnehagen. Med middag, kunstutstilling og utlodding av gevinstar samla me inn pengar til prosjektet «Barnehjelp Afrika». Av barna har særskild Sjiraffane ansvar for førebuingar og gjennomføring av basaren, … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Det finst ikkje dårleg vêr …
Fredag 13. september var me så heldige at me fekk oppleva å vera ute i skikkeleg ruskete vêr! Dei heftige regnbygene var til stor glede for barna som ivrig hoppa i sølepyttane og laga demningar og nye «elveløp». I slalombakken … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tur til Raudmålsgrindi.
Torsdag 12. september gjekk me på oppdagelsesferd i skogen over jakt- og fiskehytta. Der gjorde barna fleire spanande observasjonar, til dømes fann me plastboss som absolutt ikkje høyrer heime der! Dette passa nokon av naturvaktane på å plukka med seg, … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tur til Dagsturhytta!
Onsdag 11. september gjekk turen til dagsturhytta. Me har ein ivrig og livleg gjeng med stor turglede! Der terrenget er ulendt hjelper dei største barna dei som er mindre. Me opplever at slike felles opplevingar gir godt samhald i barnegruppa. … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveke og tur til Høgehaug!
Mandag 9. september gjekk Revane og Sommarfuglane på duggletur i området rundt Kleppa. På vegen såg me mykje spanande, noko som førte til utforsking, undring og fine samtalar. Me som mellom anna nokon som likna skrekkeleg mykje på Pulverheksa i … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Sjiraffane på kommuneval!
Mandag 9. september, på sjølvaste valdagen, fekk Sjiraffane besøka vallokala og ordførar Jon Håkon Odd! Me har over tid jobba med temaet demokrati og me har snakka om kommunesamanslåinga og kommunevalet. Ungane har fått høyra om kva parti som stiller til val … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tur til Dei Heibergske Samlingar
Torsdag 29. august reiste stor avdeling på besøk til Dei Heibergske Samlingar på Kaupanger. Me køyrde buss til og frå museet, noko som var ei spanande oppleving for barna. Det var god stemning og gode samtalar heile vegen, og felles … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveka dag 4 – overnatting og siste dag.
Frå torsdag 13. juni til fredag 14. juni overnatta Sjiraffane på jakt- og fiskelaget si hytte. Det var seks spente Sjiraffar som kom til Kleppa torsdag kveld. Dei har snakka om overnattinga i lang tid og hadde forventningar til korleis … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveka dag 3 – tur til dagsturhytta.
Torsdag 13. juni gjekk me tur til Orrabu, dagsturhytta som ligg rett over jakt og fiskelaget si hytte. Barna såg fram til turen på førehand og var ivrige på å ta føtene fatt. På vegen fantaserte me om trollet som … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveka – dag 2.
Onsdag 12. juni var me i området rundt hytta. Me leika, leita etter froskar, rompetroll og andre insekt, og klatra på svaberget. Dei barna som ville klatra vart sikra med sele og tau. Då dei venta snakka dei om kor … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveka dag 1 – tur til Høgehaug.
Tysdag 11.juni gjekk turen til Høgehaug. I fantastisk vær tok vi fatt på bakkane og fekk kjenne at kroppane våre kan både puste og sveitte. Når vi går slik vert samtalane gode og mange, og vi opplever natur og dyr … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Rugeegg og 17.mai markering
Tysdag 14.mai reiste nokon av Revane til Kjørnes barnehage for å henta rugeegg. Der inne har dei hønsegård og ungane i Kjørnes driv entreprenørskap ved å selja egga som hønene legg. Me kjøpte 15 egg av dei, og for å … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tal & former
I februar hadde me tema om tal, der me repeterte tala kvar dag. Me las bøker om tal og «de tre bukkene bruse» og «gullhår og de tre bjørnene» som er veldig populære på avdelinga Oppe. Tal kan ein kommunisere … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Mars månad på avdeling nede
I byrjinga av mars hadde me fått ein spanande krabat i fella vår i Pilavika. Etter undring saman kom det forslag om at det kunne vera mink eller mus. Det viste seg å vera ein røyskatt. I samlinga snakka me … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Temafest
Fredag 15. februar hadde me temafest i Askedalen. Då var begge avdelingane samla til framsyningar knytt til tema frå dei aldersdelte gruppene. Kvart år er barna med på å medverke til kva som skal vera årets tema, og i år … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Duggletur til Kjørnes barnehage.
Torsdag 14 februar reiste Sjiraffar på besøk til Kjørnes barnehage. Gjennom regionale fagnettverk har barnehagar vorte kjend på tvers av kommunegrenser og blitt flinkare til å hospitere hjå kvarandre. I Kjørnes jobbar Mette og Kari som var tilsette hjå oss … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kinodag med nabokommunene.
24 Januar arrangerte vi, for tredje gong, felles kinodag for barnehagane i Leikanger, Sogndal og Luster. Omlag 250 barn og 50 vaksne deltok. Barnehagane i regionen har stor fokus på å førebyggjande mobbing, skape gode relasjonar og venskap. Det … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Ein fargerik månad på avdeling oppe!
I januar har avdeling oppe tema om fargar. Me knyttar det opp mot samlingstund, leik og grupper. Ungane har gjennom månaden synt meir interesse for fargane i samtalar med kvarandre og vaksne. Personalet skal gi rom for, støtte og styrkje … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Leik i snøen!
Endeleg kom snøen(!!) og dei to siste dagane har det vore god snø å boltra seg i for barna! I går gjekk me tur i nærområdet for å finna ein lang akebakke, noko både barna og dei vaksne tykte var … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Førjulsaktivitetar på avdelinga nede
Desember er ein månad prega av kjekke aktivitetar knytt til juleførebuing. Tre mandagar på rad har me hatt felles adventssamling med avdeling Oppe. Det er triveleg for store og små med felles aktivitetar. I desse samlingane har me tent lys, … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppadagar
7., 8. og 9. november var avdeling nede på Kleppa, der me nytta hytta til jakt- og fiskelaget som utgangspunkt for fine turar i området, utforsking og leik i naturen. Onsdag 7. november gjekk me tur til den nye dagsturhytta … Les meir
Posta under Vedtekter
Éin kommentar
Markering av FN-dag
Fredag 26. oktober markerte me den internasjonale FN-dagen i barnehagen. Tradisjon tru lagde me istand basar, med middagsservering, loddsal og kunstutstilling der inntektene gjekk til Barnehjelp Afrika. Barna på avdeling nede har i forbindelse med FN-dagen lært om barnekonvensjonen. Det er … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Førebuing til Fruktbare dagar
Opplev Leikanger har invitert barnehagane til å pynte med eigne kreative formingsprodukt til haustens Fruktbare dagar. Sommarfuglane er godt igang, og nyttar epletrykk som metode. I djup konsentrasjon vert fargar sirleg blanda og påført epla. Å nytte pensel som arbeidsreiskap … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Planting i hagen
Onsdag 20.06.2018 reiste ei gruppe med barn til Åberge Planteskule på Ylvisåker. Der handla dei 8 bærbusker- ei til kvar av Sjiraffane. Ungane fekk plukka ut kva me skulle kjøpa og det vart rips, blåbær, solbær og bringebær. Sjiraffane fekk … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppaveka 2018
I veke 24 flytta me heile barnehagen til Kleppa. Der nytta me området rundt og hytta til jakt- og fiskelaget til ulike aktivitetar, utforsking og leik. Både barn og vaksne trivest godt med utebarnehage:) På myra fann me froskar og … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Tur til De Heibergske Samlingar
Mandag 4. juni reiste barnehagen til De Heiberske Samlingar på Kaupanger. Denne turen er ein fin og innhaldsrik tradisjon. På museet fekk barna først høyra eventyret om den sjuande far i huset. Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Små kunstnarspirar
Fredag 18.mai snakka barna på avdelinga oppe om korleis dei hadde feira 17.mai med stor entusiasme. Eit av barna spurde om han kunne måla det han hadde opplevd på eit bilde, noko alle dei andre barna hadde lyst til også. … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Turar i nærmiljøet
Våren er ei fin tid for turar og utforsking i nærmiljøet. Begge avdelingar har nytta uteområdet på Njøs mykje, til turar både med og utan matpakke. Me har no satt opp fleire naturleiker, mellom anna dumpe, balansebommar, fleire husker og … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Venskapshuske på Njøs
Den siste månaden har begge avdelingane hatt fleire turar til naturleikeplassen vår på Njøs og både ungar og vaksne tykkjer det er kjekt å koma opp der. Me har hatt med lunsj og to onsdagar har me hatt matgruppe der … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Felles kinodag
Siste veka i Januar arrangerte vi felles kinodag for barnehagane i Leikanger, Sogndal og Luster. Omlag 200 barn og 50 vaksne deltok. Skular og barnehagar i regionen har stor fokus på å fremje god psykisk helse, venskap og førebyggjande mobbing. … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Skinnvotten:)
Fram mot temafesten 16.februar, kjem vi til å jobbe i aldersdelte grupper. Som åra før gjer vi det slik at kvar gruppe skal framføre noko innanfor valgt tema, som i år er Alf Prøysen. Marihønene jobbar med eventyret ”Skinnvotten” og … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Toneskrinet i barnehagen v / Judith Vestreim Toneskrinet eit samarbeid med Sogn Kulturskule og Leikanger kommune. Folkemusikaren Judith Vestreim frå Kaupanger formidlar vokal folkemusikk. «Toneskrinet» inneheld viktige element som femnar om både lokalhistorie, språk og tradisjonar frå kulturarven. … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Besøk til Marine Harvest
Fredag 3. november reiste Maurane og Marihønene på besøk til Marine Harvest. Der fekk me sjå mykje fisk i dei store kara. Det var så mange at me ikkje vart ferdige med å telja dei. Gjennom arbeid med nærmiljø og … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Duggletur til Njøs Næringsutvikling
Mandag 23.10 var Revane og Sjiraffane på tur til forskningsstasjonen på Njøs for å henta gevinstar til basaren vår komande fredag. Når me gjekk forbi uteområdet vårt oppdaga me eit tre me ikkje hadde lagt merke til før. Nokon av … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Oppstart av gym i Saften.
Felles leik på tvers av avdelingane. Me Bjørnen sover og haien kommer, og dei minste hadde gode opplevingar av oppstarten. Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Unge forskarar.
Edith har kjøpt ballong-rakettar til små forskarar. Her vart mange gode samtalar, teoriar og latter. Store og små var like interesserte. Nokre rakettar flaug over taket til barnehagen. Leik i sandkasse: God psykisk helse, samarbeid og utvikling av vennskap Gjennom … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Fleire bilete frå Kleppadagane i september.
Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, bli kjend med institusjonar og stadar i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt. (Rammeplan 2017:56). Felles måltid og samvær med sjukeheimen. Froskeopplevingar og … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Kleppadager september 2017
Kleppadagar og haustteikn i naturen. Barna på avdeling Nede skal nyte tre dagar på fjellet. I samarbeid med Leikanger Jakt-og fiskelaget har vi igjen fått base ved jakthytta. Barna vil oppleve turar, endingar i naturen, samspel med dei eldre på … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
UDIR barnehagemagasinet 2017
I årets barnehagemagasin frå Utdanningsdirektoratet kan du blant anna lesa ein reportasje som beskriver godt korleis me jobbar med fagleg utvikling gjennom regionale nettverk i Sogn. http://magasinet.udir.no/barnehage/det-kollektive-lyftet/ Lenger nede i magasinet er Askedalen barnehage òg med i ein reportasje om … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Foreldrehverdag.no
Nytt tilbud til alle foreldre Nå lanserer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nettstedet foreldrehverdag.no der foreldre kan finne faglig kvalitetssikret informasjon om hvordan de kan forstå barnet sitt bedre. Målet er å gi foreldre inspirasjon, tro på egen omsorgsevne og … Les meir
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget
Nullmobbing.no
På det nye nettstedet http://www.nullmobbing.no finner barn, unge og foreldre informasjon og råd om mobbing og deres rettigheter (Utdanningsdirektoratet).
Posta under Vedtekter
Kommenter innlegget