Hausten på avdeling Nede

Hausten har gått i ein rasande fart, og plutseleg er det snart vinter! Her kjem ei lita oppsummering av nokre aktivitetar barna på avdeling Nede har vore med på denne hausten 🙂

Njøs

På uteområdet på Njøs er det berre fantasien som set ein stoppar for kva aktivitetane me held på med inneheld. Me utforskar alt i frå småkryp me finn i jorda, til bær og frukt som veks på busker og trær. Her har me plukka epler, pærer, plommer og rips heile hausten:)

Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

(Rammeplanen, s.52).

Kleppa

I veke 38 var heile avdeling Nede tre dagar på Kleppa, der me nytta naturen som arena for leik, læring og utforsking. Me fekk låna jakt-og fiskehytta og hadde ulike aktivitetar i området rundt den. Me gjekk også turar til Høgehaug og Orrabu.

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.

Rammeplanen:11

Naturvakter

Revane har komme godt i gang med oppdraget sitt som Naturvaktar! Dei har lært om kva som høyrer heime i naturen som ikkje gjer det, og ofte tek dei ansvar for at bosset dei ser blir med tilbake og sortert i rett bossdunk! Revane har også mange gode idear for korleis ein kan nytte boss og andre ting ein finn i naturen på nytt!

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og ut­ viklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.

(Rammeplanen s.52).

Førebuing til basaren

22.oktober arrangerte me basar i barnehagen, til inntekt for Barnehjelp Afrika. Revane og Sjiraffane hadde fleire arbeidsoppgåver knytt til førebuingsprosessen og til gjennomføringa den dagen. Dei bidrog med å lage plakatar og invitasjonar, premier til utlodding og kunstverk til kunstutstillinga. Dei hadde også hovudansvar for å samle inn gevinster frå ulike bedrifter i bygda vår. Her presenterte dei kvifor me skulle ha basar og kva inntektene av den gjekk til! På besøk hjå Røysumen tok barna seg ein velfortjent pause med nyheiter på skjermen (bilde oppe til høgre). Godt samarbeid og god arbeidsvilje resulterte i ein flott gjennomført basar!!

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.

(Rammeplanen, s.21).

Tur til Sogndal

29.september reiste Revane og Sjiraffane med buss til Sogndal. Der såg dei teateret «Tippe tippe tue» saman med fleire barnehagar frå Sogndal kommune. Dei nytta også anledninga til å utforska Sogndal sentrum då dei først var der inne. Lunsj, is og leik i parken, tur på kaien og over nye «Osenbrui» og besøk til Hilde på kontoret var det me rakk før bussen gjekk utover til Leikanger att. Ei kjekk og innhaldsrik oppleving for små og store!

Gjennom ut­ forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda.

(Rammeplanen, s.55).

Sjiraffane på fiskedagar

I september fekk Skulekameratane, i samarbeid med jakt- og fiskelaget, vera med å setja og trekka garn i fjorden. Sjiraffgutane fekk sitja på i brannbåten, det var STOR stas! Fangsten vart samla i eit stort kar, der barna fekk studere, utforske og læra om alle dei forskjellige artane som hadde forvilla seg inn i garna. Til lunsj vart det servert grilla laks, kokt krabbe og grønssaker! Når fangsten var ferdig forska på, måtte barna sleppe alle krabbane, sjøstjernene, flyndrene og kråkebollane forsiktig ut i fjorden att.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv.

(Rammeplanen s. 52).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s