På småbarnsavdeling Oppe har me jobba med tema haust. Me har mala, plukka blad og laga bladkunst. Eple, pære og plomme smakar godt:)
Me er mykje på tur i nærområdet. Alltid kjekt å reise ned til fjorden og utforske fjæra. Vatn er fasinerande og sølepytt er kjempemoro. Dyr likar me godt og med har nokre høner som me likar å besøke. Tarkus har vore på besøk. Han er eit beltedyr som lærer oss om trafikk. I samlinga snakka han om bruk av refleks.
Me har fått nytt huskestativ i barnehagen. Toppen av lykke når det kjem traktor, gravemaskin og 2 arbeidskarar som jobbar med dette.
I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.
Rammeplan: 2017