Då har avdeling Nede hatt ei ny, fin veke med utebarnehage. Sjiraffane har hatt ei kjekk veke på Kleppa, med mellom anna grilling, språkløype, matematikkleik og tur til Frækaland! Dei har lese mykje om «Tor med hammaren» og andre æsar fra norrøn mytologi, noko barna har funne særs spanande. Dei avslutta veka med bursdagsmarkering, med dramaleik knytt til norrøn mytologi og milkshake.
- I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og for teljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur (Rammeplanen:48).
På Njøs har Revane og Sommarfuglane vidareutvikla naturleikeplassen, med rydding og bygging av nye nyttige «byggverk». Dei har saga og nytta hammar og spiker. Dei felte nokon tre for å lage ny balansestokk, og då nytta dei greinene til å lage ein levegg ved bålplassen. Den synte seg å vera nyttig, og gav dei litt ly for den heftige vinden som var på torsdag. I ryddearbeidet rangerte barna pinnar etter storleik, og dei talde kor mange pinnar som gjekk med til leveggen. Det var fleire enn dei klarde å telja til… Også på Njøs avslutta dei veka med bursdagsmarkeringer, med regelleik og grilling.
- Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring (Rammeplanen:22).