Avdeling Nede har i desse dagar organisert seg på uteavdelingar på Kleppa og Njøs. Me har vore så heldige at Jakt- og fiskelaget har lånt oss hytte og lavvoar, noko som har bidrege til at uteavdelingane fungerer godt. Gjensynsgleda var stor då barna møtte kvarandre att etter ein lengre periode vekke fra kvarandre, og fokuset vårt denne veka har vore leik og barns medverknad.
Sjiraffane har hatt ei flott veke på Kleppa, med turar til fots, aking på snøen, skigåing, eventyrsamlingar, regelleik, utforsking, kreativitet og leik.
- Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).
Revane og Sommarfuglane har hatt ei fin veke på uteområdet på Njøs. Dei har vore på oppdagingsturar i nærområdet, ordna apparata på naturleikeplassen, hatt regelleik og lesestund, og leika mykje saman.
- I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. […] Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna (Rammeplanen:19).