Godt nytt år til alle!
I desember hadde me mange kjekke aktivitetar i barnehagen. Gjennom samarbeid med kyrkja deltok to grupper på sansevandring og julevandring, i tillegg til ei felles adventssamling saman med dei andre barnehagane. Ungane tykte det var spanande å høyre juleevangeliet, og å fortelja det att gjennom rollespel.
- Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn, og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverdi (Rammeplanen:54).
13.desember markerte me Lucia-dagen der me vitja aldersheimen. Me gjekk i eit fint tog med lys og stjerner, og delte ut lussekattar me hadde laga i barnehagen. Det var kjekt å sjå kor glade bebuarane der var for besøk!
På mandagane i desember hadde me felles adventssamling med avdeling Oppe. Me tende lys, song julesongar og trakk adventskalender. Samarbeidet på tvers av avdelinga er positivt då barna vert betre kjende med kvarandre, dei små kan læra av dei store og at dei felles opplevingane dei får saman er med på å utvikle venskap og tryggleik.
- Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).
Siste veka før jul hadde me nissefest, med song, graut, skodespel, nisse og julefilm. Det var utan tvil eit av barnas høgdepunkt i desember, og alle kom kledde i nisseklede. Torsdag 19.desember var avdeling nede invitert til «julebord» i fjøsen til Sverre. Der hadde han laga nydeleg hjortegryte med ris, servert på det finaste serviset han eigde. I tillegg drakk ungane saft frå stetteglas – noko som var ekstra stas. Til dessert fekk me is og varm sjokoladesaus. Ein uforgløymeleg oppleving som både ungane og dei vaksne sette stor pris på. Ekstra spanande var det at nissen som bur på loftet i fjøsen gav lyd ifrå seg…
- Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema,[…] som bidreg til meiningsfull samhandling (Rammeplanen:22).
Hei Hilde,
Takk for informasjon om førjulstida og alle dei fine bileta:)
Kjekt å sjå!
Helsing Anna
Sendt fra min iPhone
> 7. jan. 2020 kl. 14:18 skrev Askedalen Barnehage AS : > > >