Ein onsdag då Saften var oppteken reiste avdeling Nede på tur til Nepperthaug som eit alternativ til gym. På denne turen fekk barna utfalde og utfordre sine motoriske ferdigheiter med til dømes klatring, «motbakkeløp», balansering og å gå i bratt nedoverbakke. Barna var flinke til å passa på kvarandre, hjelpa kvarandre og motivere kvarandre undervegs. Det å få hjelp av ein venn som gir deg handa si og dreg deg opp siste biten av bakken, eller som ropar «HEIA HEIA» når du treng det som mest, bidreg til ei kjensle mestring og tilhøyrsle. Ein veldig kjekk tur for både barna og dei vaksne.
- Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplan:49).
- Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse (Rammeplan:49).
- Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplan:56).