Fredag 13. september var me så heldige at me fekk oppleva å vera ute i skikkeleg ruskete vêr! Dei heftige regnbygene var til stor glede for barna som ivrig hoppa i sølepyttane og laga demningar og nye «elveløp». I slalombakken hadde ei lita grov teke eit nytt løp og her fann ungane ut at det var ei perfekt vannsklie! Og midt oppi all nedbøren og dei svære pyttane fann to av sommarfuglane ut at me måtte sjøsetja ei redningsskøyta oppe på Kleppa sidan det var så mykje vatn.
- Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52).
Etter å ha vore ute ei stund venta tørre klede, ei varm hytte og ein framifrå god lunsj. Me åt laks med ris, grønnsaker og saus til – kjempe godt! Alt i alt har me hatt ei super veke på Kleppa og gledar oss allereie stort til juni, både små og store.
- Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).