Onsdag 11. september gjekk turen til dagsturhytta. Me har ein ivrig og livleg gjeng med stor turglede! Der terrenget er ulendt hjelper dei største barna dei som er mindre. Me opplever at slike felles opplevingar gir godt samhald i barnegruppa. Samtalane går i eitt og fantasien har ingen grenser. Me såg ulv og bjørn og rev og romvesen på vegen!
- Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).
På dagsturhytta åt me matpakken medan me las ei bok om ulven Bomulv. Den passa ekstra godt når me hadde sett så mykje ulv på vegen til… Etter lunsjen leika me ute. Då spelte nokon av barna opp til rockekonsert!
- Personalet skal bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema (Rammeplanen:20).