Mandag 9. september, på sjølvaste valdagen, fekk Sjiraffane besøka vallokala og ordførar Jon Håkon Odd! Me har over tid jobba med temaet demokrati og me har snakka om kommunesamanslåinga og kommunevalet. Ungane har fått høyra om kva parti som stiller til val og kva sakar dei ulike partia arbeider for.
- Barnehagen skal bidra til at barna får forståing for og sluttar opp om demokratiske verdiar og normer som ligg til grunn for det samfunnet vi har i dag (Rammeplanen:9).
Med eigne røystesetlar gjekk Sjiraffane til val. Røystesetlane vart lagt oppi ei eiga valurne som Sjiraffane fekk nytta. Etterpå var det klart for oppteljing av stemmene, og det viste seg å vera eit spanande val!
Her er valresultatet i Askedalen barnehage:
Vinnar var Mdg og Ståle Loftesnes med heile 3 stemmer.
Sv: 2 stemmer
Sp: 2 stemmer
Ap: 1 stemme
V: 1 stemme
Det Sjiraffane nemde som viktige saker for dei var: å ta vare på naturen, rettferdigheit og omtanke for alle.
- Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir oppmuntra til å medverke i eigen kvardag og utviklar tillit til samfunnsdeltaking (Rammeplanen:56).