Tysdag 14.mai reiste nokon av Revane til Kjørnes barnehage for å henta rugeegg. Der inne har dei hønsegård og ungane i Kjørnes driv entreprenørskap ved å selja egga som hønene legg. Me kjøpte 15 egg av dei, og for å kunne ruge fram desse fekk me låna rugemaskina deira. Dei gav oss også mange nyttige tips knytt til rugeprosessen. Me har hatt fokus på viktigheita av å kunne samarbeide med andre og å læra av andre, og ikkje minst rose andre for det dei får til! Ekstra kjekt var det å besøka Kari Grinde og sjå korleis barnehagen ho jobbar i no ser ut.
- Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen introdusere barna for personar, stader og samfunnsinstitusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen: 57).
- Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).
No ventar me i spenning på å sjå om me klarar å klekka fram ein ny sogndøl…
Onsdag 15.mai inviterte me foreldre til å vera med på barnehagen sin 17.mai-markering på Njøs. Her kom alle barna i tog frå barnehagen, bak den flotte fana vår. Dei song nasjonalsongen og «17.mai er vi så glad i», ropte «hurra» og marsjerte i takt etter Sverre sin tromming. Oppe på Njøs vart det servert potetgraut med tilbehør, pølser og kaker. Me hadde også forskjellige 17.mai leiker – som potetløp, sekkeløp, putekrig og kubb. Barna har jobba med førebuing til denne markeringa i barnehagen, der dei har lært om historia om kvifor me feirer 17.mai og laga sine eigne 17.mai kruner.
• Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar (Rammeplanen:56).
- Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna (Rammeplanen:50).
- Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle (Rammeplanen:51).
Takk til alle som bidrog til at det vart ei så flott markering!