24 Januar arrangerte vi, for tredje gong, felles kinodag for barnehagane i Leikanger, Sogndal og Luster. Omlag 250 barn og 50 vaksne deltok. Barnehagane i regionen har stor fokus på å førebyggjande mobbing, skape gode relasjonar og venskap. Det er mykje god læring i å skape felles opplevingar for andre, kunne bidra til trivsel og invitere til deltaking.
Vi var så heldige å få køyre stor buss som vi delte med ungane i Henjahaugane barnehage. Det er godt å samarbeide med lokalmiljøet og nabokommunar med så mange positive mennesker som ønskjer å hjelpe til.
Filmen Karsten og Petra på skattejakt inneheld mange viktige element i korleis vera ein god ven og korleis ein tek vare på kvarandre. Dei konkluderer med at den viktigaste av alle skattar, er å ha ein god ven.
Før filmen framførde vi to venskapssongar og songen om Kaptein Sabeltann. Utvalet av songar er retta mot temafesten og arbeidet med inkludering. Det var fantastisk å høyre eit kor på 250 barn som stemde i.
Personalet skal ta i bruk varierte arbeidsmåtar, og arbeidsmåtane skal tilpassast til enkeltbarn, barne gruppa og lokalmiljøet. Personale skal stimulere barnas undring og evne til å stille spørsmål, søkje opplevingar, ta initiativ og meistre nye ting.
(Rammeplan 2017:43)