Ungane syns det var veldig kjekt å laga isskulpturar og eksperimentera med vatn. Det var spennande å sjå neste dag om det hadde vore kaldt nok ute om natta til at vatnet hadde fryse til is.

Alle som ville fekk laga kvar si ishand; dei tok ein plastikkhanske, dyppa fingrane i den fargen dei ville, og so vrengte dei hansken og fylte vatn oppi.

Det hadde heldigvis vore kaldt nok, og det vart mange flotte fargar og mønster.
Me fekk og erfara kva som skjer når me tar isen inn; me måtte vera raske med å setta islyktene ut etter å ha tatt dei ut av formene inne, for dei begynte raskt å smelta.
- I arbeidet med fagområdet Kunst, kultur og kreativitet skal personalet stimulere nysgjerrighet, utvide forståinga deira og bidra til undring, undersøkingar, utprøving og eksperimentering (Rammeplanen, 2017:50).