I februar hadde me vår årlege temafest/karneval; som alltid er ein kjempe kjekk dag for store og små 🙂 Me pleier å velga eit felles tema om hausten, som kvar aldersgruppa arbeidar med på ulike måtar fram mot karnevalet. I år har me hatt Alf Prøysen som tema; me har høyrt mange forteljingar og lært oss mange songar som han har dikta.
Det er veldig kjekt å sjå alle aldersgruppene opptre, og sjå korleis dei vaksne har tilpassa temaarbeidet til den aldersgruppa dei har hatt ansvaret for.
- Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehageinnhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivietar og læring (Rammeplanen, 2017:44).

Bestemor gynger på ei stor potet…
Marihønene song Musevisa og dramatiserte Skinnvotten.
- I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur (Rammeplanen, 2017:48).
Kom inn, sa dyra i skinnvotten.
Det eine dyret etter det andre fekk komma inn i skinnvotten og varma seg 🙂

Geitekillingen som kunne telle til ti
I forkant av karnevalet har sommarfuglane blitt betre kjend med gardsdyr; dei har blant anna vore på gardsbesøk.
Sommarfuglane dramatiserte Geitekillingen som kunne telle til ti. Heldigvis fekk alle ti dyra plass i skuta til hanen og hunden :-).
- Gjennom arbeidet med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på

Teskeikjerringa, geitekillingen, og Nøtteliten.
Revane presenterte mange av rollefigurane me møter i songar og forteljingar som Alf Prøysen har dikta. Me fekk ôg vita meir om Alf Prøysen og hans liv.
- Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen, 2017:50).

Teddybjørnens vise og Soltrall.
Revane avslutta med å synga Soltrall.

Bakvendtland
Sjiraffane valde å synga og dramatisera songen Bakvendtland. Publikum fekk sjå:
- Elevar som åt loff med sirup i staden for å rekna.
- Ei jenta som vart satt i skammekroken fordi ho song so fint.
- Læraren som sat opp-ned på stolen.
- Tannlegen som plomberte tennene til elevane med sukkertøy.
- Og eleven som begynte i 7.klasse og gjekk ut av 1.klasse dum som eit brød.

Katta i sekken
Etter lunsj fekk ungane slå Katta ut av sekken og sjå Teskeikjerringa på storskjerm.