Denne veka har 2-åringane hatt fleire aktivitetar knytt til fargar. Dei har nytta primærfargane og sett kva som skjer når dei vert blanda.
- Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra
til at barna bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk (Rammeplanen: 51).
Gjennom studentarbeidet til Camilla har ungane markert Holi, som er ein hinduistisk vårfest prega av fargar og glede. Dei gjekk til Njøs, måla på isformer og brende bål 🙂
- Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal personalet formidle forteljingar og skape rom for barnas opplevingar, samtalar,
erfaringar og tankar om religion, livssyn, etikk og eksistensielle tema (Rammeplanen: 55).
Det har vore veldig kaldt siste veka og ungane har erfart kva som skjer med vatn som står ute i kuldegrader.
- Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra
til at barna får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske
lover (Rammeplanen: 52).
Torsdag gjekk me ein tur i nærområdet der barna fekk øva seg på å gå i trapp, balansere på murkant og hoppa frå høge kantar. Her fekk dei føle glede over å mestre gjennom felles opplevingar. At barna føler mestring er i tråd med statsinga vår på psyksisk helse 🙂