Fram mot temafesten 16.februar, kjem vi til å jobbe i aldersdelte grupper. Som åra før gjer vi det slik at kvar gruppe skal framføre noko innanfor valgt tema, som i år er Alf Prøysen.
Marihønene jobbar med eventyret ”Skinnvotten” og er godt i gang med å lage kulisser.
Dette eventyret handlar om ein gamal mann som mister votten sin ein dag han går i skogen. Ei mus får auge på votten og bestemmer seg for å overnatte i den. Men fleire av skogens dyr er heller ikkje seine om å bruke votten som hus. Og snart samlas det eine dyret etter det andre i den varme votten.
- Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre (Rammeplan, 2017:51)