Toneskrinet i barnehagen v / Judith Vestreim
Toneskrinet eit samarbeid med Sogn Kulturskule og Leikanger kommune.
Folkemusikaren Judith Vestreim frå Kaupanger formidlar vokal folkemusikk. «Toneskrinet» inneheld viktige element som femnar om både lokalhistorie, språk og tradisjonar frå kulturarven.
Ho skal ha til saman seks vitjingar og fordelt i to bolkar. Tre toneskrin før vinterferien og tre etter.
Dei to eldste barnegruppene i alle tre barnehagane deltek og det heile skal munne ut i ein konsert våren 2018
Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre (Rammeplanen, 2017:51).