
Sugekrefter i vatn
Ungane var engasjerte og konsentrerte då me gjorde ulike eksperiment ein dag. Det eine eksperimentet var å teikna med tusj på kaffifilter, dyppa det ned i ein kopp med litt vatn i og so sjå kva som skjer med fargane etterkvart som vatnet trekker oppover.
- I arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal personalet stimulere nysgjerrighet, utvide forståinga deira og bidra til undring, undersøkingar, utprøvingar og eksperimentering (Rammeplanen, 2017:50).

Overflatespenning
Me testa òg overflatespenninga til vatn med peppar-eksperimentet, og ved å sjå at me kan fylla vatn over kanten på skåla utan at det renner over kanten.
Då me dryste peppar oppi skåla med vatn fløyt pepparen utover heile vatnoverflata. Men då me tok zalo oppi vart overflatespenninga brutt der zaloen kom, og pepparen som var der sank til bunnen medan resten fløyt vekk frå zaloen.
- Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna utforsker og undrer seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål (Rammeplanen, 2017).
Me testa om gulrot kunne flyta i ferskvatn, pepparvatn og saltvatn; den fløyt berre i saltvatn.

Hemmeleg skrift
Nokre av ungane mala med melk og saft. Me lot det ligga å tørka til me ikkje såg att det dei hadde mala. Etterpå steikte me arka i ovnen ei lita stund, og då vart plutseleg den hemmelege skrifta/teikningen synleg.
- Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover (Rammeplanen, 2017).