
Hinderløypa
Onsdagar er både avd. Oppe og Nede i gymsalen i Saften. Det er veldig kjekt; innsatsen er på topp både i frileik, regelleik og hinderløypa.

Hinderløypa
I hinderløypa øver dei blant anna på balansering, turning, kasta og ta imot ball, hinking og hoppa med samla bein. Ungane er veldig ivrige, og tar runde etter runde i løypa.

Hinderløypa
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar motoriske ferdigheier, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar (Rammeplanen, 2017:49).

Regelleik
Kjekt å avslutta gymøkta med regelleik; Hauk og due er ein populær regelleik der små og store kan vera med.

Matprosjekt
To-tre ungar og ein vaksen pleier å vera att i barnehagen for å laga til lunsj; alltid spennande å sjå kva me får til mat når me kjem att frå gym. Dei siste gongane har me i tillegg fått ein historie og fakta om ei av råvarene me får servert; denne historia leser me rundt lunsjbordet.
- Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur (Rammeplanen, 2017:49).