Fredag 3. november reiste Maurane og Marihønene på besøk til Marine Harvest. Der fekk me sjå mykje fisk i dei store kara. Det var så mange at me ikkje vart ferdige med å telja dei.
- Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen 2017:55).
Ungane tykte det var spanande å sjå når dei flytta fisken frå eit kar til eit anna. Dei som hadde lyst fekk lov til å halde i fisken. Bedriften Marine harvest tilbyr sjømatprodukter og produserer en fjerdedel av verdens oppdrettslaks. Vi er heldige som har ei avdeling i bygda som gjev oss nærkontakt med fisk og oppdrett.
- Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen 2017:52).
To av fedrene i barnehagen arbeider der, dei tok godt i mot oss og var veldig flinke å fortelja om sitt daglege virke! Takk for at me fekk komma på besøk.