
Ventar på bussen
Måndag tok me rutebussen (nokre sat på i bil) til og frå museumet på Kaupanger. Sjiraffane og to vaksne køyrde bil frå museumet til SIMAS; der fekk dei sjå film om gjenvinning og omvisning på bosplassen. Dei kom tilbake til museumet til lunsj.

Eventyrstund
Me som var heile dagen på museumet fekk først høyra eventyret om Prinsessa som ingen kunne målbinde, so fekk me høyra om korleis det var å leva i gamledagar.
- Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjent med lokalhistorie og lokale tradisjonar (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:16).

Hest og kyr
Etterpå fekk me helsa på alle gårdsdyra; hest, kyr, høns, gris og sau. Me fekk til og med mata sauene.

Gris og sau

Høns

Hoppa i høyet
Mange av ungane syns det var veldig kjekt å hoppa i høyet og ha høykrig 🙂
- Gjennom arbeidet med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal barna få sanse, oppleve ,leike (…) (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

Leik
Ungane likte seg godt på leikeplassen på museumet.
- Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

Leikeplassen
På slutten av dagen gjekk avd. Nede naturstien i skogen; der var det mykje kjekt å prøva, sjå på og lesa om.
- Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar sin omgrepsforståing og brukar eit variert ordforråd (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

Natursti
Me hadde ein super dag på museumet!
God sommarferie 🙂