
Matlaging
Sjiraffane hjalp til å kutta opp grønsaker før me gjekk til Pilavika. Det smakte veldig godt med skattekista med laks, broccoli, blomkål, gulrøtter, smør, krydder og sitron laga på bål.

Leik
Skulekameratane hadde sitt siste treff denna dagen i Pilavika før dei byrjar på skulen. Dei hadde det veldig kjekt med å laga bruer og båtar som dei leika med.

Vassing
Badetemperaturen vart og testa 😉

Fisking
Alle skulekameratane fekk prøva å fiska frå brygga med god hjelp av Jakt-og fiskelaget. Alle sjiraffane fekk faktisk fisk!

Samarbeid med Jakt- og fiskelaget

Stolte over fangsten sin 🙂
- Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap og blir kjent med institusjonar og plassar i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdes trygt (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:16).