
Sjekkar minkfella i Pilavika.
Me har hatt fleire turar til Pilavika og båthavna for å sjekka minkefellene i det siste; alltid like spente på om det er noko i fellene.

Sjekkar minkfella i båthavna.
- I arbeidet med natur, miljø og teknologi skal personalet legge til rette for mangfoldige narturopplevingar og bruka naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:14).

Endeleg kom det ein mink i fella!
Veldig stas då det ein dag faktisk var komt ein mink i fella!

Samling med temaet mink.
Bjarne fortalde om mink, kva den eter og kvifor ein jaktar på mink.

Minkpels
Alle som ville fekk halda minkpelsen; dei syns den var veldig mjuk.