Torsdag hadde me påskefrukost for ungane, foreldra og søsken i barnehagen, og jammen hadde det vore ein hemmeleg frukostgjest her før barnehagen opna! Ungane trur det var Pulverheksa; dei trur ho hjelper oss å finna att boksen med namnelappane for ho er snill.
I: Pulverheksa har ete på Lillian sitt kontor.
No har ungane utelukka dei me hadde som mistenkte på tavla vår; dei trur det er Tyven frå Pulverskogen!
E: Fordi han er ein tyv.
H: Han stjeler.
Det hadde skjedd noko anna mystisk i barnehagen i dag; melka var blitt til sjokomelk 🙂
T: Pulverheksa har trylla.
M: Melka vart til sjokomelk, det lukta sjokolade.
S: Kua har ete sjokolade, og so sprutte ho ut sjokomelk.
V: Kua har tryllestav.
E: Pulverheksa har tatt sjokopulver oppi melka og rista.