I går såg me faktisk Pulverheksa utanfor barnehagen!
I morgonsamlinga fann me ein namnelapp oppi boksen med grønsakene til samlinga, men boksen med namnelappane er fortsatt forsvunne.
Dette sa ungane om mysteriet:
• Pulverheksa hadde ein raud lapp i handa.
• Ho har putta S sin lapp oppi boksen med grønsaker.
• Kanskje pulverheksa har teke boksen frå huset til minken!
• Eg trur minken og pulverheksa samarbeidar. Dei er vener. Minken passar boksen, og pulverheksa legg lappane rundt omkring.
• Vi må finne huset til Minken!
• Vi har sett ei hole! I Nybøstrondi. Kanskje Minken bur der, og at boksen vår er der.
• Kanskje Pulverheksa må lese på navnelappane sånn at ho ikkje gløymer kva vi heiter.
• Kanskje S jobbar i lag med påskeharen, pulverheksa, Camilla og minken!
• Heksa som står på hylla er ein spion!
Veldig kjekt å få fylgje med på Påskekrimmen i Askedalen Barnehage! De er utruleg flinke og kreative! Kjempemoro! God påske til dykk alle.
Helsing Linda
Sendt fra min iPhone
Den 6. apr. 2017 kl. 18.11 skrev Askedalen Barnehage AS <comment-reply@wordpress.com>:
Hilde posted: «I går såg me faktisk Pulverheksa utanfor barnehagen! I morgonsamlinga fann me ein namnelapp oppi boksen med grønsakene til samlinga, men boksen med namnelappane er fortsatt forsvunne. Dette sa ungane om mysteriet: • Pulverheksa hadde ein raud lapp i «