
Biblioteket
Marihønene og Sommarfuglane gjekk på tur til biblioteket og syns det var veldig kjekt med so mange bøker dei kunne kikka i. Etterpå åt dei nista si.
- I arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst må personalet bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:12).

Njøs
- Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typer leik; ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik; åleine og saman med andre (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8).

Innsats for andre
7 elevar frå ungdomsskulen som har vald valfaget ”Innsats for andre” er i barnehagen nokre onsdagar etter lunsj. Første dagen var dei her i barnehagen og leika ute med ungane, ein anna onsdag var dei i bhg å spelte spel og laga lappar saman med ungane. Og so har me hatt ekstra tid i ”Saften” nokre onsdagar slik at ungdomsskuleelevane har hatt hinderløypa med nokre ungar.

Henjahaugane
Me leika songleik, samarbeidsleik og regelleik på skulekamerattreffet i Henjahaugane. Etterpå grilla med pølser på bålet og hadde frileik før me gjekk ned att til Askedalen bhg.

Skulekamerattreff