Endeleg var dagen for temafesten/karnevalet i Askedalen barnehage komt; små og store var spente og gleda seg til å sjå kva dei aldersdelte gruppene hadde øvd på og skulle framføra på den flotte scena vår.

Maurane og marihønene Oppe
Maurane og marihønene frå avd. Oppe hadde kledd seg ut som ulike dyr og framførte songane Gåtevise og Hva sier den kua som går i enga?

Marihønene Nede og Sommarfuglane
Marihønene Nede og Sommarfuglane song og dramatiserte Dyrene i Afrika.
- Barnehagane skal legga til rette for samhøyrigheit og kreativitet ved å bidra til at barna får vera saman om å oppleva, og å skapa kunstneriske og kulturelle uttrykk (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

Publikum

Revane
Revane hadde kledd seg ut som ulike kjente figurar frå Torbjørn Egner songar og forteljingar. Dei hadde øvd inn ein flott presentasjon av Torbjørn Egner.
- Alle barn skal oppleva progresjon i barnehagens innhald, og barnehagen skal legga til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leike-, aktivitets- og læringsmoglegheiter (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:11).
Etter at sjiraffane hadde framført Hakkebakkeskogen,framførte nokre av dei vaksne eit eventyr med songar om Askedalen barnehage 🙂

Fiskegrateng
Til lunsj kosa me oss med fiskegrateng og grønsaker.