
Skulekamerattreff i Saften.
Torsdag møttes skulekameratane i Saften og hadde gym saman. Først hadde dei litt frileik medan me vaksne laga til ei hinderløypa. Me song namnesang før me delte oss i to grupper. Den eine gruppa starta med hinderløypa, medan den andre starta med regelleik. Me hadde stafett, samarbeidsleik og ein leik der dei skulle springa til talet 12 når eg ropte det, bokstaven R når eg ropte det osv.
- Barnehagen skal legge til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og motivasjon for å byrje på skulen (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:20).

Laga wok på bålpanna.
Fredag hadde me utedag i barnehagen. Sjiraffane kutta opp grønsaker, medan dei andre ungane leika og følgde med på monteringa av bålpanna og bållaginga. Me laga kyllingwok med mange ulike grønsaker; alle ungane åt og det smakte kjempegodt!
- Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å eta sunn mat (…) (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

Maler flotte kunstverk.
Måndag var nokre av ungane frå avd.Oppe nede å leika og mala flotte kunstverk. Dei brukte primærfargane gul, raud og blå som dei blanda til flotte fargar.
- I barnehagen skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måter som gir barna anledning til utforsking, fordjuping og progresjon (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:13).

Hakkebakkeskogen
Tysdag teikna sjiraffane flotte teikningar av dyra frå Hakkebakkeskogen. Dei teikna først med gråblyant, og so fargela dei etterpå med oljepastellstiftar.

Bjørnefar, Bjørnemor, Klatremus og Brumlemann.

Reven, Klatremus og Bestemor Skogmus.