Fredag hadde me vår tradisjonelle FN-basar i barnehagen til inntekt til Barnehjelp Afrika; tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein flott dag!

Ivrige og flinke hjelparar.
Ungane har vore med å laga gevinstar til basaren, laga plakatar, pynta og sjiraffane tok betalt for gryterett, sveler, kaffi og saft og hjalp til med loddsalget.
- Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna erfarer at alle menneske, uavhengig av alder og føresetnader, inngår i og bidreg til barnehagefellesskapen (Rammeplanen, 2011:47).

Mange flotte gevinstar.

Kunstutstilling
Nytt i år var den flotte kunstutstillinga; alle ungane hadde laga eit kunstverk som foreldra kunne kjøpa for ein valgfri sum 🙂
- Barnehagen må gi barna høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk (Rammeplanen, 2011:42).

Haustkunst

Perla epler

Det var òg tippekonkurranse og quiz i år 🙂

Store og små kosa seg på basaren.