
Ser på utsikten over Hafslo og Hafslovatnet 🙂
- Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk (Rammeplanen, 2011:44).
Måndag reiste sjiraffane på tur til Hafslo. Me gjekk først ein tur frå Hestnes til pumpehuset på gamlevegen til Solvorn; der skreiv me oss i turboka.

Tur i skogen, leik på Gråtass og lunsj heima hjå meg.
På veg tilbake hadde me ein leikestopp ved Gråtass. Me åt nistepakken vår heima hiå meg. Etterpå leika dei litt ute før me køyrde til Gamlestova barnehage. Me fekk lov til å leika ute der; alltid kjekt med nye leikeplassar.

Leik ute i Gamlestova barnehage.
På veg tilbake til Askedalen barnehage stoppa me i Sogndal for å få ein omvisning på politistasjonen. Det var ein spent og ivrig gjeng som fekk sitta i politibilen, høyra sirena, sjå blålys, prøva håndjern og alle torde å gå inn i arresten.
Omvisning på politistasjonen i Sogndal.
- Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna tileignar seg grunnleggjande samfunnsnormer og -verdiar. For å arbeide i retning av desse måla må personalet skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar (Rammeplanen, 2011:47).
I bilen til og frå Hafslo hadde me gode samtalar og undringar om det me såg langs vegen, det me skulle oppleva og hadde opplevd.