
Sette garn.
Tysdag var sjiraffane med to frå jakt-og fiskelaget ut på fjorden og sette garn.

Tok opp garn.
Onsdag var det ein spent gjeng som fekk vera med ut att på fjorden for å ta opp garna me sette tysdag. Det var ivrige, entusiastiske og litt nervøse ungar som drog opp den eine pigghåen etter den andre, og fylte to kassar med hai!

Litt av fangsten.
Skulekameratane frå Askedalen, Henjahaugane og Nybø barnehage hadde ein kjempe kjekk dag i Nybøstranda saman med Jakt- og fiskelaget.
- I arbeidet med Nærmiljø og samfunn må personalet bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring som er tilpassa føresetnadene og interessene til barna, og sørgje for at barnehagen bidreg aktivt i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).

Kråkebolle, krabbe og sjøstjerner.
Det var spennande og lærerikt å få nærkontakt med fisk, krabber, kråkeboller, sjøstjerner og hai; alle sjiraffane prøvde å halda ein eller fleire av dei 🙂

Matlaging
Ungane følgde interesserte med på sløying av fisk og tilbereding av lunsjen.
- Gjennom arbeidet med Natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen (Rammeplanen, 2011:45).

Lunsj
Me fekk smaka krabbe, kveita, torsk og makrell som var tilberedt på bålet.