
Plommer på Njøs.
Tysdag er turdag på avd. Nede; denna veka gjekk me til Njøs. Tre av 2-åringane var med oss òg. Me plukka og åt masse gode plommer, klatra i tre og bakkar, leika med dei store traktorane, sklei i sklia og leika rolleleik i gapahuken. Det smakte godt med påsmurde skiver til lunsj.
- Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område (Rammeplanen, 2011:41).

Førskulegruppa
Fredagar har sjiraffane førskulegruppa etter morgonsamlinga; då får dei ulike oppgåver med tal, bokstavar, fargar o.l. Me samtalar om det dei teiknar, oppgåvene dei løyser, skulen, skulekamerattreffa og mange andre ting. Dei er ivrige og konsentrerte.
- Det må leggjast til rette for at barna kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen (Rammeplanen, 2011:59).

Varmmat
Denna veka hadde me varmmat to dagar. Torsdag hadde me havregrøt med rosiner, blåbær, jordbær og kanel til. Fredag hadde me bursdagsbarn på avdelingen; då vart det nachos til lunsj.