Sjiraffane 2015/16 avslutta barnehagetida si med ein lærerik og kjekk tur til SIMAS. Dei vart tatt kjempe godt imot av engasjerte tilsette ved SIMAS. Først hadde dei eit undervisningsopplegg inne og fekk blant anna sjå litt film om sortering og helsa på den store elefanten som ein gong vart redda frå å bli bos.
- I arbeidet med nærmiljø og samfunn må personalet gi barna meiningsfylte møte med personar , arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide og utdjupe opplevingane (Rammeplanen, 2011:48).
Etterpå fekk dei omvisning på dei ulike sorteringsanlegga. Sjiraffane hadde med seg bl.a. kle og batteri som dei sorterte.
- I arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet i tale og handling fremje ei forståing for berekraftig utvikling (Rammeplanen, 2011:45).