Me har hatt ein fin start på det nye barnehageåret med solskinsdagar og mykje uteleik. Tysdag gjekk heile avd. Nede på tur til Pilavika. Mykje spennande å utforska der med alle sansane; kaldt vatn, glatte svaberg, tanglopper, steinar i ulike størrelsar og former som lagar små og store plask når ein kastar dei uti vatnet.
- I arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst må personalet leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og leik i meir tilrettelagde situasjonar (Rammeplanen, 2011:41).