
Veldig stas å få sitta på i stor buss til og frå Kaupanger!
Sommarfuglane, Revane og Sjiraffane tok buss til Kaupanger, medan 3-åringane sat på i bilar. Sjiraffane vart køyrd i stor buss heilt opp til SIMAS, og hadde ein veldig interessant og kjekk omvisning der.

Først leika Revane og Sommarfuglane på leikeplassen.

Kjempe kjekk eventyrstund i eit 300 år gamalt hus.
Gardskona Anna tok oss med tilbake til gamledagar. Ho fortalde om korleis dei levde for 300 år sidan og viste oss noko av utstyret dei brukte for å laga seg mat og kle. Ho fortalde eventyret om Mannen som ville stella heima på ein levande og spennade måte, og fenga små og store 🙂
- Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med nokre historiske endringar i lokalmiljøet og samfunnet (Rammeplanen, 2011:48).

Nærkontakt med hest, sauer og grisar.
Etterpå fekk me vera med bonden å mata dyra på garden. Dei har grisar, sauer, hest, høner, hane og kyr.

Mating av høner.
- Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen (Rammeplanen, 2011:45).

Stas å få mata kalvane 🙂

Spennande tur i eventyrskogen.
Me gjekk òg ein tur i eventyrskogen og ungane dramatiserte eventyret om Bukkene bruse.
- Barnehageinnhaldet bør inspirere til fantasi, skaparglede og livsutfalding (Rammeplanen, 2011:32).
Etter lunsj var me inne og såg på barneutstillingen; der var det òg leiker som gyngehestar, klossar og lafteklossar som me kunne leika med 🙂