
Sauer og naturvev
På Kleppa går det mange sauer og lam på beite; spennande å få nærkontakt med dei 🙂 I dag laga nokre av ungane Nede naturvev; ungane Oppe såg på det ferdige resultatat då dei kom att frå tur.

Froskedammen
Alle ungane Oppe gjekk på tur til froskedammen i dag. Me hadde med oss tre håver og alle var flinke til å venta på tur. Me fann ingen froskeegg, rumpetroll eller froskar, men det var kjekt å fiska gras og mose med håv. Og til slutt fekk ein av ungane ein vannymfe som alle fekk sjå på.

Kleppa
- Fagområdet natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:44).