
Båttur
Det var veldig kjekt og spennande å køyra båt til Slinde. Me fiska litt, men hadde ikkje fiskelykka.
- Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).

Slinde
Då me kom fram til Slinde gjekk me ein liten tur. Me hadde fått nokre oppdrag frå Ugla til duggleturen vår. Me skulle bruka sansane våre til å:
- Finna noko som ser ut som eit hjerte.
- Finna noko som kjennes glatt ut.
- Finna noko som smakar surt.
- Finna noko som luktar godt.
- Finna ut kva me kan høyra?

Hjerteform
Me fann hjerteforma blad og hjerteformer på fjell.

Blomster
Me fann surblad som smakte surt, rødkløver som smakte søtt og hundekjeks som lukta godt.
- Barn er nysgjerringe, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning (Rammeplanen, 2011:33).

Huldrasteinen
Me traff nokon som fortalde at de budde hulder inni denna store steinen; då måtte me prøva å banka på og lytta om me høyrde huldra og sjå om ho sprang ut, men dessverre so var ho nok folkesky.

Insekter
Me fekk sjå spennade insekter som Gunvor hadde fanga til oss med insektsfangaren i frukttrea; blant anna bærfisen (tege). Og so fekk me smaka den kjempe gode eplejusen dei lagar der.

Lunsjpause
Dagen etter turen studerte me nærmare insektene me fekk med oss frå Slinde; me holdt dei, talde beina, såg på fargane og prøvde å finna namna på dei.
Alle revane teikna etterpå eitt av insekta me hadde finne; 2 teikna frostmålar, 3 teikna bærfis og 3 teikna edderkopp.
- Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna lærer å observere, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda (Rammeplanen, 2011:45).