
Oppdrag frå Ugla til naturvaktane.
Revane fekk eit nytt oppdrag frå Ugla då dei skulle gå lang tur og sjå husa til tre av Revane; dei skulle finna fem ulike blomster og plukka bos dei fann langs vegen. Revane var som vanleg veldig ivirige og flinke naturvakter og tok oppdraget på alvor 🙂 Dei fann blant anna blomstrane jonsokkoll, forglemmegei, marikåpe og engsmelle.
- I arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet bruke nærmiljøet for at barna skal kunne observere og lære om dyr, fiskar, fuglar, insekt og plantar (Rammeplanen, 2011:45).

Flott tur.

Nærkontakt med lamma.
På veg tilbake til barnehagen stakk me innom Henjahaugane og fekk leika litt ute hjå dei. Me fekk òg nærkontakt med lamma; dei var nysgjerrige og svoltne 🙂