- Fagområdet Natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:44).
Forrige veka var sju av ungane på avdeling Oppe på tur til Edderkopphuset. Det var mange vårteikn å utforska på vegen; me såg mange sauer og lam, lukta på løvetann, smakte på surblad, kjente på det kalde vatnet og balanserte over den sildrande bekken.
Kjekt og utfordrande å gå i ulent terreng.
Me fann ein edderkopp og eit nett i Edderkopphuset:-)