
Fin tursti.
Torsdag var det tid for skulekamerattreff igjen. Alle 6-åringane frå dei tre barnehagane møttes på parkeringsplassen ved Sanden; frå der skulle me gå til Bjørgahaug.

Flott utsikt frå Bjørgahaug!
Det var ein kjempe flott og kjekk tur på fin sti. Dei som kom først på toppen brukte 50 minutt opp og dei som kom først ned brukte 30 minutt ned.

Leik
Det smakte veldig godt med nistepakke på toppen. Etterpå var det god tid til å leika både rolleleik, gøymsel og springa og hoppa frå tua til tua.
- Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).
Flotte bilder frå Bjørgahaug!