Onsdagar pleier me å ha matprosjekt; ei lita gruppa med ungar frå Nede og Oppe er att i barnehagen saman med to vaksne og lagar ulike matrettar medan resten er på gym. Forrige onsdag var me so heldige å få besøk av to damer som ville ha Fiskesprell kurs med oss. Det vart laga makrell i tomat, seifiskepinnar og laks og grønsaker i form; mykje god mat. Til frukt laga dei kjempe god smoothie 🙂
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barneghagen bidra til at barna får kunnskap om menneskekroppen og forståing for kor viktig det er med gode vanar og eit sunt kosthald (Rammeplanen, 2011:42).