Revane og 3-åringane Oppe gjekk på tur til Edderkopphuset; me skulle sjå om småkrypa hadde vakna til live.
Ungane var veldig ivrige og interesserte; me løfta på steinar og fann makkar, edderkoppar, maur, skolopender og skrukketroll.
Me hadde med boka Bli en naturforsker; kjekt å finna dei i boka og finna ut meir om til dømes makken.
- Fagområdet natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:44).

Fin tur i ulendt terreng, leik i skogen og lunsj på Njøs.