
Hoppar i snøen.
Skulekameratane i Leikanger hadde ein super skidag i strålande vinterver på Kleppa forrige tysdag: veldig kjekt å treffast på tvers av barnehagane.

Aking og skigåing.
Me hadde med rumpeakebrett og dei fleste hadde med ski.
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring (Rammeplanen, 2011:42).

Snøborg
Ungane fann ei snøborg som hadde mange rom; kjekt å leika i og bygga meir på.
- Uteleik og uteaktivitetar er ein viktig del av barnekuturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nrmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).

Samling, lunsj, gåtur.
Kvar gong skulekameratane treffast samlast me for ein namnesong eller me berre seier kva me heiter, og informerer om planane for dagen. Til lunsj åt me grilla pølser i lomper/brød. Me gjekk frå Kleppa og ned att i barnehagen. På veg ned att var det mykje spennande å sjå på og samtala om; blant anna reve- og harespor.
- Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne (Rammeplanen, 2011:40).