
Fredag gjekk heile Askedalen barnehage på tur til sjukeheimen. Kjekt å sjå kor flinke til og med nokre av 1-åringane er til å gå på tur; fleire av dei gjekk deler av vegen.

Me hadde med oss lussekattar som ungane delte ut på sjukeheimen, me gjekk i luciatog og song luciasongen. Sjiraffane song òg nokre julesongar.
- I arbeidet med etikk, religion og filosofi må personalet la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna gjennom høgtidsmarkeringar (Rammeplanen, 2011:47).