
Sjiraffane har blitt inspirerte av Revane som er naturvakter 😉 Dei fann sjølve ut at dei ville plukka bos langs vegen og var kjempe ivrige.
Første torsdagen i kvar månad treffast dei eldste barna frå alle tre barnehagane for å bli litt kjende før dei skal byrja på skulen saman. Denna gongen møttes dei i Hundremeterskogen. Dei leika først litt der, før me gjekk saman til ungdomskulen. Me åt nista vår der, og etterpå gymma me. Dei leika Hauk og due, Haien kommer, balanserte, klatra og hoppa, kasta erteposar og tok situps.
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).