
Laga skattekista som dei skulle ha til lunsj.
- Personalet må leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og leik og i meir tilrettelagde situasjonar (Rammeplanen, 2011:41).

Revane fekk to nye oppdrag frå Ugla; dei skulle sjå etter spor frå dyr i skogen og dei skulle samla kongler. Revane fann dinosaur- og isbjørnspor 😉

Det var kjempe kjekt å komma opp til snøen i Njøsadalen 🙂
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).

Me fann ein koseleg liten plass i skogen der me laga bål og varma skattekistene våre. Det smakte kjempe godt med varm mat.

Revane syns det var kjekt å aka ned og klatra opp att små bakkar dei fann i skogen. Etter leik i snøen smakte det godt med varm kakao før me gjekk ned att.
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (rammeplanen, 2011:42).