I samband med fagnettverket Natur, miljø og teknikk vart Sjiraff-gruppa invitert til å besøka Vangsnes barnehage tysdag 17.november.
Vangsnes barnehage har eit flott turområde og ville syna oss leirplassen sin. Det var veldig kjekt å gå tur i skogen og bli utfordra i ulendt og bratt terrreng.
- Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll (Rammeplanen, 2011:41).

Bygga med tømmer og saga var populære aktivitetar som dei samarbeida godt i på tvers av barnehagane.
- Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet (Rammeplanen, 2011:45).
Det vart laga varm lunsj på bål og det vart tid til mykje leik i skogen.
Stavangersuppe med currypaste til 12-14 personer
- Ca. 2 kg. kyllingfilet i biter (stekes, saltes og pepres på forhånd)
- 6 store gule løk
- 10-12 små charlottløk eller småløk
- 7-9 kvitløksfedd
- 3 ss med rød currypaste
- 2 bokser hermetiske tomater
- 3 ss oregano (smak til)
- 3 ss basilikum (smak til)
- 9 dl kremfløte
- Tilpass vannmengde
- 3 bokser hermetiske fersken i biter
- Godt med meierismør til steiking
Det var godt å komma inn og varma seg litt før heimreisa. Me fekk kjempe god eplekaka, såg film og fekk omvisning i barnehagen.