Torsdag tok Revane, Sommarfuglane og 3 ungar frå avd. Oppe turen til Pilavika. Revane, som er naturvakter, fekk i oppdrag frå Ugla å samla ting frå naturen som dei kunne ta med tilbake til barnehagen og laga noko av det. Ungane foreslo at dei kunne laga ugler. Dei samla òg bos som me tok med tilbake og kasta.
Ungane var òg med å laga pagodebål og blomkålsuppe.
Alle ungane fekk vera med ut i robåten og fiska; me fekk til og med ein liten fisk 🙂
- Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi må personalet skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar (Rammeplanen, 2011:47).
Det var ein nydeleg haustdag ved og utpå fjorden.